Hasundgot var sett opp med bortekamp mot FK Sykkylven, men makta ikkje å stille lag. Ved avreise var Hasundgot berre ni spelarar, og dei valde derfor å bli heime, skriv FKS si nettside. Truleg får FKS tre poeng og 3–0 i målskilnad, medan Hasundgot blir bøtlagde.
Andre resultat denne runden: Åheim - Åmdal 0-5, Hovdebygda - Sunnylven/Stranda II 8-1, Vartdal - Vigra 4-0, Ravn - Langevåg 2-4.