Lars Arne Nilsen og dei andre Hødd-trenarane gir tillit til dei same 11 som startar siste seriekamp mot Bodø/Glimt. Det såg vi under laurdagens trening i LSK-hallen, der Vikebladet Vestposten var til stades.

Her er dei som startar cupfinalen mot Tromsø:

Ørjan Håskjold Nyland – Akeem Latifu, Fredrik Klock (K), Steffen Moltu, Victor Grodås – Fredrik Aursnes, Sivert Heltne Nilsen – Pål André Helland, Erik Sandal, Vegard Heltne – Kjell Rune Sellin

- Var det vanskeleg å ta ut laget, Lars Arne?

- Det har vore eit par plassar vi har lurt litt på, men det var ikkje veldig vanskeleg.

På benken startar desse sju:

Jan Lennart Urke, Eirik Heltne, Bendik Torset, Andreas Rekdal, Ørjan Engen Grimstad, Espen Standal, Ruben-Kenneth Brandal.

Dette betyr at Thomas Lid Kleppe, Christian Mork og Elias Nonso Lala er vraka frå finaletroppen. Kazeem Ahmed er skadd.

PS. Ex-spelarane Michael Karlsen og Martin Haanes trena med Hødd i dag. Dei har fått speletid i tidlegare rundar og kan derfor bli norgesmeistrar.