Det einaste usikkerheitsmomentet i Hødd-stallen før cupfinalen har vore Fredrik Aursnes (16), som tidleg i veka vart råka av spysjuka.
Etter laurdagens trening i LSK-hallen fortalde Aursnes at han føler seg pigg.
- Eg mista tre kilo då eg vart sjukdom, men no er eg oppe på normalvekta igjen. Eg føler meg i grunnen heilt vanleg. Det var som ei vanleg trening, seier midtbanespelaren til Vikebladet Vestposten.
Alt tyder på at Fredrik Aursnes startar søndagens finale, og det har ikkje noko imot sjølv.
Dei aller fleste i omgangskrinsen til 16-åringen er på plass i Oslo for å støtte kompisen sin.
- Eg har ikkje sett så mykje til dei her nede, men dei hyggjar seg vil eg håpe - og kjem vel på kamp søndag, seier Aursnes.
Les også:
* Sjekk 11-aren* Endeleg Grodås-gull?* Vil avslutte med stil* Biletserie frå laurdagstreninga