Mange vart uroa då det kom melding om at Fredrik Aursnes var sengeliggande med omgangssjuke tidlegare i veka. Den 16 år gamle midtbanespelaren har vore god for Hødd denne sesongen, og kan bli ein viktig spelar i cupfinalen mot Tromsø søndag.
Fredag føremiddag hadde Hødd ei kort treningsøkt for dei set kursen mot hovudstaden. Vikebladet Vestposten var på plass på Høddvoll, og meldinga frå Hødd-trenar Lars Arne Nilsen er klar: Han er ikkje bekymra for Aursnes, og har stor tru på at han er speleklar til søndag.
Den unge hareidsdølingen har likevel gått ned tre kilo denne veka, så sjukdomen har sett sine spor.
Frykten for at andre spelarar i troppen skal bli slått ut av sjukdomen er heller ikkje stor. Ingen har ifallfall vist sjukdomsteikn så langt.