I utgangspunktet gjekk fristen for å melde seg på til årets Futsal Cup ut søndag 1. oktober, men no har Sunnmøre Fotballkrets (SKF) bestemt seg for å utvide denne med ei veke.

sine nettsider skriv SKF at dei ønskjer å få med flest mogleg lag, og at dette er bakrgunnen for at ein utvidar fristen.

Futsal Cup blir arrangert i klassene 13 til 19 år, både for jenter og gutar. Det er Aksla, Brattvåg, Langevåg, Stranda, Volda og Ørskog som er arrangørklubbar for turneringane, som blir spelt i åtte hallar på Sunnmøre.