Ulstein sykkelklubb skulle eigentleg arrangere sykkelritt 27. april. På grunn av dårlege vêrutsikter vart dette utsett.

No er ny dato for ritta sett. Måndag 20. mai, 2. pinsedag, skal Ulstein og omegn sykkelklubb arrangere Ulstein NORDEA-ritt og Ungdomscup.

- Det er berre to av dei planlagde ritta som skal gå av stabelen no. Bakketempoen skal vi ta under Trebåtfestivalen, fortel leiar i klubben, Aud Janne Hatlebakk.

Ho fortel at det berre har vore to ritt i Møre og Romsdal denne sesongen. 1. mai i Kristiansund, der vel 50 deltakarar sykla i dårleg vêr, medan det var 124 deltakarar under Ålesundrittet sist laurdag.

- Fleire frå Ulstein og omegn var med her, og gjorde det svært så bra, seier Hatlebakk.

Nytt av året er at Ungdomscupen har ei ny klasse M/K 11-12 år, i tillegg til dei som har vore tidligare, M/K 13-14 og 15-16.

Løypekart Ulsteinvik sentrum