Hødd tok berre eitt poeng mot Strømmen i 2014 og vart slått 4-1 på bortebane. Difor var det ei viss spenning knytt til denne bortekampen i 1.serierunde denne sesongen.
I den første omgangen varta Hødd opp med fleire gode angrep. Spesielt var Ole Amund Sveen svært aktiv frå si indreløparrolle, både på eigahand og i kombinasjon med medspelarar. I tillegg var Fredrik Aursnes nære ved å score etter nokre få minutt, då ballen vart flukta like utanfor stolpen etter eit skot frå om lag 18 meter.
Etter 17 minutt gjorde Sveen alt rett då han storma inn i 16-meteren, gjekk mot linja og la ballen ut til Magnus Myklebust, som frå om lag sju meters hald ikkje hadde nokon problem med å sette ballen forbi Thomas i Strømmen-målet. 1-0 til Hødd og den heimvende angriparen opna målkontoen i sin første offisielle kamp etter returen.
Hødd heldt fram med å skape sjansar etter scoringa. Myklebust kombinerte fint med Michael Karlsen, som ikkje klarte å få god nok plassering på si avslutning slik at Strømmen-keeperen fekk rydda unna.
Christoffer Aasbak introduserte også OBOS-ligaen for sin venstrefot, då han brente til på eit frispark frå hjørnet av 16-meteren. Det kunne sjå ut til at keeper fekk ein finger eller to på ballen, men den strauk uansett toppen på tverrliggaren og gjekk over Strømmen-målet.
Etter pause blei det ein heilt anna kamp på Strømmen stadion. Heimelaget jakta febrilsk utlikninga, og kom til både dobbel- og trippelsjansar utover i omgangen. Då var det viktig for Hødd at Aslak Falch stod fram som ein matchvinnar mellom stengene. Keeperen nekta å la ballen passere, og redda både med bein og armar for å halde Hødd inne i kampen.
Mot slutten gjekk litt av lufta ut av Strømmen, men begge lag hadde sjansar til å få med seg scoring i sluttminutta. Kampen ebba likevel ut med 1-0 til Hødd, som på same vis som i 2014 opnar sesongen med tre poeng på bortebane.
Kampfakta:
Strømmen - Hødd 0 - 1 (0-1)
Strømmen stadion
Tilskodarar: 438
Dommar: Kim Rune Østerlie Borgersen, Austad FK
Gule kort: Magnus Myklebust (8), Daniel Moen Hansen (62), Martin Ramsland (67), Eirik Schulze (87)
Mål: 0-1 Magnus Myklebust (17)
Hødd (4-3-3): Aslak Falch - Jonas Ingebrigtsen, Steffen Moltu, Christoffer Aasbak - Joakim Wrele, Ole Amund Sveen, Fredrik Aursnes - Magnus Myklebust (Torbjørn Kallevåg 69), Michael Karlsen (Eirik Ulland Andersen 69), Joachim Magnussen
Les også: - Blir ein tett og tøff batalje