Tidlegare denne veka sendte den tidlegare Hødd-spelaren Vilde Hasund det norske J19-landslaget eit stort steg nærare EM-sluttspel med sine to scoringar mot Sveits.

Då rekna dei fleste med at Norge ville vere klare for EM med siger eller uavgjort i siste kamp mot Nord-Irland, men oppladninga til denne kampen vart meir dramatisk enn nokon kunne vente.

I Norge sin første kamp "vann" J19-landslaget 2-1 over England. Då hadde dei engelske jentene fått straffe på overtid, men då straffesparket blei tatt meinte dommaren det skulle bli frispark til Norge etter at engelske spelarar sprang inn i feltet før straffa vart sett i mål. Etter protest frå England vart dommaren sendt heim, og det vart vedteke at kampen måtte spelast opp att. Det vil seie, kampen skulle spelast opp att frå straffesparket.

Torsdag vart det difor ein spesiell dag for dei norske jentene. Først slo J19-landslaget Nord-Irland 8-1, og deretter måtte spelarane som avslutta kampen mot England gjere seg klare for nok ein kamp. På 18 sekund, som tok til med eit straffespark.

Den engelske spelaren gjorde ingen feil frå straffemerket og sikra at resultatet vart 2-2, nesten ei veke etter at kampen eigentleg var avslutta.

Med det resultatet vann England gruppa på målskilnad, etter 3-1 siger over Sveits og 9-1 siger over Nord-Irland, men med resultat frå dei andre gruppene er også Norge og Vilde Hasund klare for EM som beste toar. Laga som skal spele EM er  vertsnasjonen Israel,  Spania, Sverige, Frankrike, Tyskland, Danmark, England og Norge.

- Etter at dei andre kampane var ferdig tidlegare i kveld hadde vi ikkje lenger noko særleg press på oss, men det har vore ei tøff veke med mykje usikkerheit. Heilt sidan kampen var ferdig på laurdag har vi hatt dette i bakhovudet, seier landslagstrenar Nils Lexerød til Fotball.no.

Les også: Møter tøff motstand