Nordmøringane skapte fire sjansar dei første seks minutta og scora på éin av dei. Hødd heva seg, men den svake starten øydela mykje for resten av det som skulle skje på Høddvoll.

- Vi er ikkje klar når kampen startar. Og det er rett og slett ikkje godt nok av oss. Vi må vere på stasjonen når toget går, seier Eirik Ulland Andersen.

- Betre etter kvart

Hødd heva seg utover i kampen. Andersen reduserte 19 minutt før slutt og med litt marginar hadde Hødd fått 2-2 på slutten. Men det ville seg ikkje heilt.

- Vi kom oss utover i 2. omgang, men slit med dei offensive relasjonane, spesielt når vi skal starte oppspela. Vi møtte eit godt og effektivt lag, men fekk endra kampbiletet då vi gjorde nokre byte. Vi har ein del spelarar på veg tilbake frå skadar. Så eg trur dette skal bli bra når vi får spelt inn relasjonane. For det har vore vanskeleg med mange endringar på laget frå kamp til kamp. Eg meiner vi har ein god 1.-divisjonsstall når alle er "fit". Då skal vi score mange mål utover hausten, varslar Andersen.

- Mykje overskot

Hødd har vore langt betre borte enn heime i år. I starten synest kantspelaren det var meir tilfeldig. Men no står Hødd med tre strake heimetap, og det har skjedd grunna udyktigheit, meiner Andersen.

Som var Hødds beste utespelar mot Kristiansund BK, etter å ha stått over dei to siste kampane med skade.

- Eg har mykje overskot. Eg trena godt i vinter og får igjen for det no. Det var moro å score igjen. Også kjekt å ha Victor (Grodås) tilbake på backen, seier Eirik Ulland Andersen.