23 år gamle Joakim Wrele blir Hødd-spelar i første omgong ut vårsesongen, opplyser Hødd i ei pressemelding måndag.

Wrele kjem inn på lån frå Allsvenskan-klubben Halmstad BK. Han er i følgje Hødd best som defensiv midtbanespelar, men kan også ta på seg rolla som midtstoppar. Hødd og Halmstad er einige om ein utlånsavtale som strekk seg fram til i midten av juli, men om Wrele lukkast i klubben kan det med tida bli snakk om ein permanent overgong.

- Komplett stall

Dagleg leiar og sportssjef André Nevstad er svært nøgd med forsterkinga.

- No er vi mål. I og med at vi har Erik Sandal ute vårseongen og Franjo Tejpuric usikker, så synast vi det kunne vere greit å få inn ein siste spelar for å forsterke stallen. No er stallen komplett. Vi har med dette god dekning dersom det skulle skje noko uventa, seier Nevstad.