Fredag og laurdag var det full aktivitet på loftet på Ulsteinvik barneskule og i idrettsbygget. Då gjennomførte Ulstein Taekwondoklubb gradering saman med master Sasan Homaei frå Chon-Ji Taekwondo i Hokksund. Sasan Homaei er 5. dan.

Ulstein Taekwondoklubb har hatt ein voldsom vekst og har byrja med gruppe for barn frå 5 til 8 år. Totalt har klubben nærmare 60 medlem, der dei fleste er i den yngste gruppa. MagomedKudosov som er hovudtrenar i klubben fortel at også ein del foreldre har byrja å vere med på treningane.

Fredag gjennomførte master Sasan trening med Ulstein-utøvarane. Først var det den yngre gruppa som vart instruerte, før gruppa med eldre deltakarar fikk køyre seg.

Leitar etter meistringskjensla

- Det som de lærer på Taekwondo, det skal berre brukast her. Ikkje i barnehagen, på skulen eller heime, fortalde Homaei til dei yngste elevane. Fokuset på den rette teknikken, og at øvingane må gjerast på rett måte for å unngå skader er viktig, men også at kampkunsten berre skal nyttast som forsvar, ikkje som angrep.

- Om eg ikkje sparkar på rette måten, så er det ikkje puta si skyld at eg skadar meg, sa masteren medan han instruerte.

- Det er veldig gøy å kome hit og sjå kor flinke dei er. Små barn med kvitt belte, men veldig flinke. Magomed er ein flink trenar, fortalde Sasan Homaei til Vikebladet Vestposten. Han nytta også høvet til å seie litt om kva han synest er viktig for utøvarane som skulle opp til gradering.

- Målet er ikkje å få svart belte, men å ville trene Taekwondo resten av livet. Ein må føle meistring i det ein driv med. Mange trur at når ein får det svarte beltet så kan ein alt, men det er då det byrjar, slo Homaei fast.

Les meir om dette i torsdagsutgåva av Vikebladet Vestposten