Marthe Mjøen Berg har dei siste sesongane vore svært uheldig med skader og mista derfor store delar av fjorårssesongen. Skadene har også sett ein stoppar for Mjøen Berg denne sesongen, og hennar einaste registrerte resultat i år er på ein 800 meter frå Dimna Games i Ulsteinhallen frå januar.

Men torsdag stod Dimna-utøvaren igjen på startstreken, under eit treningsstemne på 400 meter hekk på Høddvoll.

Er det "endeleg tilbake?"

- Endeleg tilbake.. Ja, ein kan kanskje seie det, seier Mjøen Berg etter å ha fullført langhekken i duell med Alice Ulla Berg.

Det har vore ei lang periode med mykje trøbbel?

- Ja, litt for lenge eigentleg. Det har vore mykje grining og mykje smerte, men no byrjar det å verte betre og det er kjekt, fortel ho.

Les også: No er Karsten offisielt OL-klar

Rift i ei sene

I 2014 tok Mjøen Berg NM-sølv på 400 meter hekk, men det siste halvanna året har ho slite med ein rift i ei sene.

- Det er ein skade som gror veldig sakte. Hadde det vore ein muskel ville det nok gått betre. Det er ein skade som skal ta om lag eit år å lege, men det har blitt litt meir.

Kva er statusen no?

- På veg tilbake. Det er ikkje slik som det var, men ein må byrje ein stad. Det handlar ein del om å få hovudet på rett plass. Eg har jo nesten ikkje konkurrert på to år, seier Mjøen Berg, som før forsøket på langhekken var mest bekymra om ho kom til å feige ut på nokon av hekkane.

- Det var eit veldig rotete løp. Eg veit eigentleg korleis eg skal springe rett teknisk, men kroppen er ikkje heilt der endå. Men hallo, eg er kjempenøgd med tida. Eg hadde eit håp om å akkurat greie NM-kravet, så det var kjekt å greie det med litt margin også, smiler Marthe Mjøen Berg som var glad for å få springe mot Alice Ulla Berg.

- Eg hadde nok ikkje klart det utan Alice, legg Mjøen Berg til.

Blir det NM-tur no då?

- Kanskje? Eg må vel nesten det no, slik at eg kan representere Dimna IL. Eg får støtte på mange måtar, så då må eg også gje litt tilbake. Eg må nok svelge litt stoltheit og tore å ikkje kome så langt fram. Eg kan nok ikkje forvente noko god plassering, men det er noko med å kome igang igjen med springinga. Ta det som trening. Så har ein noko å ta med seg inn i treningsvinteren.

I 2015 gjekk ho glipp av innandørs-UM på heimebane i Ulsteinhallen, men til vinteren kjem det nye moglegheiter, då Dimna IL står som arrangør for senior-NM innandørs. Og sjølv om det ikkje står 400 meter hekk på programmet der, så kan det tenkast at vi får sjå Mjøen Berg på startstreken om alt går etter planen.