Hareid fekk det tøft i møtet med Langevåg denne regnfulle torsdagskvelden. Dei gulkledde gjestane vart nokre hakk for store, og kunne ta ferja heim med 3-0 og tre poeng i bagasjen.

Personlege feil

Dette var ein kamp der Langevåg stort sett hadde kontroll gjennom samtlige 90 minutt, og det var langt mellom høgdepunkta, sett med Hareid-auge. Likevel var det tre mål som kunne vore unngått, og Hareid-trenar Einar Magne Skeide meinte etter kampen at dei var resultat av  personlege feil.

Langevåg best i gang

Bortelaget tok kommandoen frå start av, og pressa Hareid lavt i bana. Det var difor fortent då lynraske Simon Vågnes etter kvarteret spelt sette inn 1-0 for Langevåg, etter at heimelaget hadde rota vekk ballen på eigen banehalvdel.

Ut i omgangen kom Hareid meir med i kampen, og skapte nokre farlege situasjonar. Den største av dei då Runar Stranden fekk til eit skot i feltet, som Langevåg sin keeper så vidt fekk slått ut til hjørnespark. Det var likevel bortelaget som skulle få det neste målet, då eit innlegg frå Børge Holen overraskande gjekk rett i mål. Resten av omgangen var heller sjansefattig, og laga kunne gå til pause på stillinga 0-2 i favør Langevåg.

Likt kampbilete i andre omgang

Andre omgang fortsette i same spor, der Langevåg i fyrste halvdel av omgangen hadde svært god kontroll. Det tok heller ikkje mange minutta før Simon Vågnes kunne skli inn sitt andre og Langevåg sitt tredje i kampen etter eit flott innlegg frå venstresida. Også i denne omgangen var Hareid best i siste halvdel av omgangen, men utan å få nettkjenning. Heimelaget skapte rett nok nokre gode sjansar i denne perioden, men ein god Langevåg-keeper, kombinert med litt upresise avslutningar, gjorde at dei raudkledde måtte gå av bana med ein smultring i målprotokollen denne kvelden.

Dermed ebba kampen ut i eit 0-3-resultat, som nok må seiast å vere fortent, sjølv om det fort kunne blitt annleis om Hareid hadde hatt fleire marginar på si side.

- Ein kamp under pari, der vi slepp inn tre enkle mål

Heimelaget sin trenar, Einar Magne Skeide, meinte at Hareid tapte mot eit betre lag denne kvelden. -Langevåg er nok eit hakk betre enn oss gjennom heile kampen, men det er irriterande at vi gir dei tre så enkle mål. Når det er sagt, er Langevåg eit lag med mange gode spelarar framover på bana, som fort kan ligge ganske høgt oppe på tabellen mot sesongslutt. Konklusjonen får vere at vi spelar ein kamp under pari, der vi slepp inn tre enkle mål, sa Skeide etter kampslutt. – Den største forskjellen på laga er nok at Langevåg jamt over har betre ferdigheiter med ball enn oss, så alt i alt er det fortent at dei vinn. Vi måtte ha spelt opp mot vårt beste for å slå dette laget, og det gjorde vi dessverre ikkje i dag, meinte Skeide.