Omlag 400 kampar skal avviklast, og det er venta om lag 10.000 personar innom hallen under Tare-Cup. Kampane startar klokka 09.00 på laurdag, og siste kampen vert avslutta klokka 20.00 på søndag.

Arrangøren, IL Hødd Fotball, ønskjer liten og stor velkomen til fotballfest i Sparebanken Møre Arena i Ålesund. - For dei unge håpefulle som skal i aksjon er det stor stas at familie, vener og kjente er på plass for å heie dei fram, så vi oppmodar alle om å komme. Her er det plass, seier turneringsansvarleg Per Arve Moldskred i IL Hødd Fotball i ei pressemelding.

Stor aktivitet og minst tre kampar kvar

Inne i hallen vil det vere stor aktivitet begge dagar med både 5-ar og 7-ar fotball. Kamptida er 1x18 minutt, og alle lag får spele minimum tre kampar. Mellom kampane kan spelarar og tilskodarar kjøpe seg mat og drikke frå fleire kioskar inne i hallen, så alt er lagt til rette for ein spennande dag.

Ei viktig inntektskjelde

Tare-cup er eit resultat av ein framifrå innsats frå foreldra. Utan innsatsen frå dei rundt 150 frivillige som står på heile helga ville vi ikkje hatt moglegheit for å gjennomføre denne cupen. I tillegg til sponsorane våre som vi er svært takksamme for, utgjer Tare-cup den største inntektskjelda til Hødd si breiddeavdeling. Gjennomføringa av denne cupen gjer at vi kan halde eit høgt og god aktivitetsnivå på gode anlegg året gjennom, samtidig som at treningsavgiftene kan haldast lave, seier Moldskred.

- For oss som har eit langvarig samarbeid med Hødd IL er det heilt naturleg at vi skal være med på denne cupen, dette er noko vi gler oss til å være ein del av. Alle deltakarene får flotte statuettar i premie. I tillegg vankar det ei lita gåve på alle deltakarane kan ein engasjert banksjef Nina Holm Sundgot i Sparebanken Møre fortelje, og ho håper at denne fell i smak hos alle.