– Vi spelte ein bra 1. omgang, seier Hødd-trenar Ole Per Kragset.

Halvvegs låg Hødd under 2–1 etter at Ingrid Måseide hadde utlikna etter 25 minutt. Ho forserte framover i bana og spelte vegg med Åslaug Helvig før ho sende ballen sikkert til side for keeper.

Men ein dårleg start på 2. omgang øydela spenninga. I løpet av ti minutt sleppte Hødd inn heile tre mål. Trondheims-Ørn 2 leia dermed 5–1. Hødd heva seg igjen og spelte godt i 20 minutt, utan å få mål. Då kollapsa Hødd og fekk ytterlegare tre i sekken.

– Det gjekk både på frustrasjon, konsentrasjon og at vi var slitne, seier Ole Per Kragset.

Trass i tapet ligg Hødd framleis på tredjeplass med 12 poeng. Ikkje uventa ligg Trondheims-Ørn 2 og Byåsen på dei to første plassane, med 18 poeng kvar.

– Eg veit ikkje kor mange førstelagsspelarar Ørn brukte mot oss, men fleire av dei trenar i alle fall med a-laget. Vi såg at var tøffe i duellspelet og vann mange av 50-50-duellane, fortel Ole Per Kragset.

Laurdag kjem Verdal til Høddvoll.

Kampfakta

2.-divisjon avdeling 6, runde 7

Trondheims-Ørn 2.-lag – Hødd 8–1 (2-1)

Ørn arena

Mål Hødd: Måseide (25)

Dommar: Evelyn Olsen, Kolstad

Hødd (5-4-1): Amalie Kragset – Anne Marie Skaar Hasund, Benedikte Nevstad, Ingrid Måseide, Martine Hauge, Susann Kragset – Vilde Hasund, Ragnhild Ertesvåg, Åslaug Helvig, Ellen Aahjem – Angelica Vattøy + Ingvild Sæther Ringstad, Silje Holstad, Sofie Kopperstad Gjerde