Det har gått eit halvt år sidan lødingsværingen Tobias Nygård Vibe signerte for Hødd frå 2.-divisjonsklubben FK Senja. Sidan då har 23-åringen berre spelt fire seriekampar frå start og kome inn i ytterlegare åtte kampar som innbytar.

- For dumt

I staden har den høge stopparen spelt kampar for rekruttlaget i 3.-divisjon, noko han har begynt å bli lei av.

– Det seier seg sjølv at det blir for dumt å kome hit for å ta eit steg ned frå 2.-divisjon, erkjende Vibe til Vikebladet Vestposten etter 2-2-kampen mot Kristiansunds 2.-lag måndag kveld.

Kan flytte nordover

Om Vibe må halde fram med å ha 3.-divisjon som sin kamparena utover hausten, er midtstopparen heilt klar på kva han ønskjer å gjere.

– Eg er framleis ung, og treng å spele førstelagsfotball. Så dersom det ikkje skjer noko utover hausten så vil eg leite etter ein ny klubb når sesongen er over. Det har eg sagt til klubben også, seier han bestemt.

– Når bestemmer du deg, og kvar dreg du?

– Det får vi sjå an når sesongen ferdigspelt. Eg får snakke med agenten min og så ser vi kva som skjer. Kanskje reiser eg nordover igjen, hintar han.