Tyrvingleikane startar for fullt i ettermiddag, men storstemnet tjuvstarta med nokre få øvingar torsdag kveld.

Karsten Warholm frå Dimna IL sette personleg rekord i diskos med eit kast på 34.69 meter. Det gav bronse i øvinga. Diskos er ei av øvingane Warholm skal gjennom under U20-VM i tikamp i juli.

- Vi er greitt nøgd med resultatet til Karsten i diskos. Han trena spyd og stav i fleire timar tidlegare på dagen, seier trenar Arve Hatløy til Vikebladet Vestposten.

Dimna IL sender ein stor tropp til Bærum. Dessutan er Ådne Andersen frå Hareid IL med.

I ettermiddag skal mellom anna Marthe Mjøen Berg og Hallbjørn Hasund Thorseth delta i 400-meter hekk, medan Karsten Warholm kastar spyd. Så går det slag i slag heilt fram til søndag ettermiddag.

PS. Neste helg deltek Karsten Warholm i ein europeisk landskamp i Estland. Kvar nasjon stiller med sin beste utøvar i kvar øving, og Warholm skal representere Norge på 400-meter.