(Hødd2 - Kristiansund2 2-2) Det tok ikkje meir enn om lag ti minutt før Hødds Franjo Tepuric kunne ha sendt heimelaget i føringa på Høddvoll, men kroaten fekk ikkje stokka beina sine og sjansen rann ut i sanden.
Ikkje lenge etter testa KBKs Sindre Ohrstrand treverket bak keeper Jan-Lennart Urke to gongar, utan å få nettkjenning. Dette trur trenar Kenneth Moldskred påverka laget i den første omgangen.
- Når vi ikkje set inn 1-0, så vert vi etter kvart prega av det. Då vert vi passive og stressa, og det er ikkje ein god kombinasjon, skula Moldskred oss etter kampen.
- Mangla sjølvtillit
Eit svakt utspel frå Urke vart snappa opp av bortelagets Sindre Hakkebo, som sende nordmøringane opp i leiinga.
Skåringa stod som første omgangs einaste, og Hødd såg seg nøydde til å endre kampplanen om dei skulle få med seg noko frå oppgjeret i pausen.
- Vi hadde ikkje nok sjølvtillit til å spele det spelet vi prøvde på, som var ein blindveg akkurat i dag. Så vi nytta ein meir uvand taktikk etter pausen, summerer rekruttrenaren opp.
Stoppa tapsrekka
Med heile fem endringar i laget frå kampen mot Elnesvågen og Omegn sist runde, var det ein del utfordringar med tanke på relasjonane i laget.
- Midtbanen er litt uvand, samtidig som det er nye relasjonar på topp også. Dette gjer at vi ikkje alltid finn gunstige posisjonar, og då må vi halde oss til realitetane, forklarar Moldskred.
- Eg veit at vi er betre enn det vi var i første omgang, men all honnør til gutane som stod på og fekk slutt på tapsrekka vår, legg han til.
- OK, under tvil
Midtstoppar Tobias Vibe hadde derimot andre tankar etter kampen.
- Du får skrive at dette var OK under sterk tvil, dikterer 23-åringen.
- Vi burde ha avgjort dette mykje tidlegare. Det var ikkje noko kjekt å få så mange brot i mot som vi gjorde, så vi to i midtforsvaret bestemte oss for å berre sikte på Franjo (Tepuric) på topp, seier han vidare.
Kampfakta
3.-dvisjon, runde 17Hødd2 - Kristiansund2 2-2 (0-1)Høddvoll kunstgrasTilskodarar: 20Mål: 0-1 Sindre Hakkebo(16), 1-1 Mats Øvrebotten (63), 1-2 Espen Jakobsen (66), 2-2 Martin MorkBreivik (82)Dommar: Jim AndreAlnes Dyb, Giske IL – 5Gule kort: Franjo Tepuric (Hødd2)
Hødd (4-3-3): Jan-Lennart Urke - Eirik Bringsvor, Markus Hjorthaug, Tobias Nygård Vibe, Mathias Grimstad - Martin Mork Breivik (Håvard Strand, 85), Henrik Gjengår, Eirik Kristiansen - Rune Ertsås (Mats Øvrebotten, 41) - Franjo Tepuric, Alexander Eksund (Bendik Rise, 57)
Heider:
*** Tobias Nygård Vibe** Mathias Grimstad* Franjo Tepuric