Tidlegare denne veka vart det klart at Hødd ikkje stiller i den internasjonale toppturneringa Copa del Sol i slutten av januar. Grunnen er at turneringa kjem for tidleg på Hødd, som har hatt ein lang sesong og ikkje startar opp att med fellestreningar før 14. januar. I staden satsar Hødd på ein Tyrkia-tur i februar.

– Tidlegare har Tyrkia-turane våre bestått mest av trening. No ligg det an til at det blir litt annleis, med tøffare matching enn vanleg. Vi samarbeider både med NFF og andre kontaktar vi har for å få gode motstandarar i Tyrkia. Så reiser vi til La Manga i mars, fortel Hødd-trenar Lars Arne Nilsen.

Kartleggingsperiode

At det ikkje blir deltaking i Copa del Sol gir også Hødd litt ekstra tid til å setje ein stall for 2013-sesongen. Ørjan Håskjold Nyland, Fredrik Klock og Kjell Rune Sellin har slutta. Christian Mork er også på veg ut. Fem andre spelar-ar står førebels utan kontraktar. Per dato tel Hødd-stallen berre 13 mann, så det kan vel hende at laget treng meir enn éin keeper, éin stoppar og éin spiss – som Lars Arne Nilsen sist veke uttala at Hødd jobbar for å hente.

– Den siste tida har eg hatt spelarsamtalar med dei aller fleste i stallen. Nokre få står att. Vi har sagt vi treng ein keeper, ein stoppar og ein spiss, men det kan bli fleire også. Det har mellom anna å gjere med kven av våre som blir med vidare, og kor mange frå eigen stall vi tek opp. Vi er no inne i ein kartleggingsperiode. Og vi har ikkje tenkt å forhaste oss. Vi må vere så sikre som mogleg på at vi treff på dei vi hentar inn. No kom vi seint i gang med dette arbeidet, men då får vi jobbe ekstra hardt framover, seier Nilsen til Vikebladet Vestposten.

Sjølv tek han juleferie over neste helg. Men som Nilsen sjølv seier; han tenkjer fotball kvar dag. Og sjølv om han er på ferie, kan det fort bli Hødd-jobbing likevel.

Returnerer frå Nigeria?

Dei seks Hødd-spelarane som står utan kontrakt er Jan Lennart Urke, Christian Mork, Eirik Heltne, Elias Nonso Lala, Kazeem Ahmed og Andreas Rekdal.

Lala og Ahmed har tidlegare uttala til lokalavisa at dei reknar med å returnere til Ulsteinvik på nyåret. Men det er langt frå sikkert at desse to blir Hødd-spelarar i 2013.

– Lala og Kazeem har reist tilbake til Nigeria. Så får vi sjå kva som skjer. Eg kan ikkje slå fast noko, fortel Lars Arne Nilsen.

– Kva med framtida til Christian Mork?

– Situasjonen hans er ikkje heilt avklara enno. Som eg har sagt tidlegare er Christian ein spelar eg trur kan bli veldig god. Han er framleis ung og spennande. Men når og kvar han tar steget er ikkje lett å seie. Det kan bli her eller ein annan plass.

PS. Neste sjanse til å sjå dei regjerande norgesmeistrane i aksjon blir mot Kristiansund BK i Sunnmørshallen 8. februar.

Les også:* Droppar Copa del Sol

* Ferie til 14. februar

* Klock er æresmedlem

* Nyland til Molde

* I dagens papirutgåve av Vikebladet Vestposten kan du mellom anna lese meir om Hødd-stallen.