Byåsen er klare for neste års 3.-divisjon etter å ha tapt fem kampar på rad, og etter å ikkje ha vunne ein kamp sidan dei vann 3–1 på Høddvoll 25. juni.

Etter det har Byåsen berre tatt eitt fattig poeng, og dermed er Hødd klare favorittar etter sju kampar på rad utan tap.

Sist snudde Hødd til siger mot Vindbjart, etter at bortelaget tok leiinga to gongar. Det avgjerande målet kom først på overtid, men det bør uansett ha gitt Hødd trua på at dei også kan avgjere dei kampane der ikkje alt fungerer.

Manglar nokre spelarar

Då fekk Johannes Sundgot sjansen frå start for Hødd, medan Håkon Botn Brautaset kom inn og avgjorde kampen. Sundgot er ikkje aktuell denne gongen, etter skaden han fekk i den andre omgangen. Tilgjengelege er heller ikkje Torbjørn Kallevåg eller Bendik Torset. Begge har karantene grunna for mange gule kort. Også Didrik Seraba er uaktuell, medan eit par spelarar er usikre framom kampen.

– Motivasjonen vår er å revansjere det tapet dei påførte oss her på Høddvoll, samstundes som vi ønskjer å halde fram med å vinne fotballkampar, fortel Sindre Eid.

Han meiner ein no ser eit Hødd-lag der ting har byrja å sette seg skikkeleg, og at dei gode prestasjonane dei siste par månadane har gitt laget eit løft.

– No presterer vi i mykje større grad som eit topplag og det er noko vi må klare å ta med oss inn i den komande sesongen, seier Eid.

Får sjansen før sesongslutt

Sist fekk Høddvoll-publikum stifte kjennskap med ein ung debutant, og det er ikkje umogleg at det også blir med nokre unggutar til Trondheim.

– Det er meir sannsynleg at det skjer enn at det ikkje skjer. Samstundes har vi nokre spelarar i A-stallen som ikkje har spelt så mykje, og som vi også ønskjer å gje speletid. Det er likevel heilt sikkert at fleire unggutar får sjansen i løpet av dei tre siste kampane.

Ein av dei som ikkje har fått altfor mange sjansane så langt er Andreas Breimyr. Med to mann utestengd grunna gule kort er både han og Eirik Franke Saunes svært aktuelle til kampen mot Byåsen.

– Vi får sjå litt korleis vi set saman midtbanen, men det er klart at det er veldig aktuelt å gje dei speletid, fortel Sindre Eid.