Hødd starta haustsesongen med heimetap for Herd for halvanna veke sidan. Dersom laget skulle halde følgje med topplaga i avdelinga måtte ein dermed ha siger borte mot Blindheim IL søndag. Før kampen stod begge laga med 15 poeng, men heimelaget med ein kamp mindre spelt.

Bortelaget hadde eit overtak i starten på kampen, men måtte vente heilt til slutten av den første omgangen før dei fekk utteljing. Då varta kaptein Therese Holstad opp med ei flott scoring, før Ellen Nerland Aahjem dobla kort tid seinare.

Etter kvilen tok det berre eit par minutt før Hødd var oppe i tre mål. Anna Nygård Thunem stod for scoringa, og då såg det ut til å gå mot tre viktige poeng for Hødd.

Blindheim kjempa seg likevel tilbake i oppgjeret, først ved ei kjapp redusering, og deretter på ei straffe etter 65 minutt.

Denne gongen var det likevel Hødd som var det sterkaste laget, og om lag femten minutt før slutt sette Ine Nordal Sleipnes inn kveldens fjerde og kampens siste mål. Tomålssiger til Hødd, som klatrar heilt opp i ryggen på leiarlaget FK Sykkylven. Begge har 18 poeng, medan Herd og Ravn har 16 (begge har ein kamp mindre spelt). Blindheim har også sjansen til å kome opp på like mange poeng som Hødd dersom dei vinn sin hengekamp. Det er med andre ord svært tett i toppen i denne avdelinga.

Kampfakta:

3.-divisjon kvinner

Blindheim - Hødd 2 - 4 (0-2)

Blindheim KGB

Dommar: Birger Breivik, Volda TI

Gule kort: Marte Aarsand Vik

Mål: 0-1 Therese Holstad (43), 0-2 Ellen Nerland Aahjem (44), 0-3 Anna Nygård Thunem (47), 1-3 Frida Voll Hareide (51), 2-3 Kristine Ødegård (65), 2-4 Ine Nordal Sleipnes (75)

Hødd: Gro Elise Aksnes - Susann Brandal Kragset, Madelen Gustavsen, Vilde Sunndal, Hannah Rekdal - Ellen Nerland Aahjem, Therese Holstad, Andrine Nevstad - Marte Vik, Anna Thunem, Pia Brandal.

Benk: Ine Sleipnes, Cecilia Bakken, Lene Mari Myklebust.