Hødd sitt 02-lag i klassen for gutar 16 år fekk ein spesiell motstandar i sin tredje og siste gruppespelkamp. Dei møtte nemleg Varg frå Sortland i Vesterålen. Og kvifor er det spesielt? Jo..

NRK sin nye dramaserie "Heimebane", med Ane Dahl Torp og Jon Carew i hovudrollene blir i desse dagar spelt inn i Ulsteinvik, og har blant anna Høddvoll og Hareid stadion som innspelingsarenaer. Staden karakterane bur på skal heite Ulsteinvik slik som i verkelegheita, men laget får eit anna namn.

Namnet på laget blir som kjent Varg, og det er namnet til laget på Sortland som inspirerte NRK.

- Tapte mot eit godt lag

Sjølve kampen enda til slutt med 3-1 siger til vesterålingane, men stemninga både før, under og etter kamp var god, fortel trenar Ove Sandnes.

- Det var litt dumt at det blei tap, men vi gjorde ein flott innsats. Vi leia 1-0 til pause og hadde dei i kne, men etter kvilen fekk dei eit tidleg mål, og tok over etter dette. Dei vann fortent til slutt. Vi tapte mot eit godt lag, seier Sandnes.

Sjølv om det blei tre tap i gruppespelet blir det B-sluttspel for gutane, og neste motstandar blir Follese FK 3 i 1/64-finalen.

Hødd og Varg samla på eit felles lagbilete etter kampen. Foto: Børge Skeide.