Lukas Rene Orvik Birkelid frå Ulsteinvik gjekk tidleg i oktober sin første amatørkamp som MMA-utøvar. 8. oktober deltok Birkelid under den 29. utgåva av Cage Warriors Academy South East i Colchester i England.

– Det var den første amatørkampen eg gjekk i MMA. Det er per no framleis ulovleg å gå MMA-kampar i Norge, så her er det ikkje mogleg å konkurrere. Planen var eigentleg å konkurrere i 2020, men då var det litt andre ting som kom i vegen, men no er eg endeleg i gang.

Birkelid fortel at utan moglegheiter til å konkurrere i Norge, så kan det vere utfordrande å skaffe seg kampar. Difor løner det seg å ha kjennskap til folk som har kontaktar innanfor idretten.

Det var også slik han fekk moglegheita til å delta i Cage Warriors i Colchester.

Der vart Danny Parker slått i ein tett og taktisk batalje.

– Resultatet vart veldig bra, men som i alle kampar så var det ikkje alt som vart heilt slik vi hadde planlagt. Men for å vere min første kamp så gjekk det veldig bra, fortel Birkelid.

Lukas byrja kampsportkarrieren innanfor taekwondo, men har dei siste åra trent på Varg Academy i Ulsteinvik, der han mellom anna trener jiu-jitsu og kickboksing. Foto: Andreas Bjerknes

Utan å ha gått kampar tidlegare kan det vere vanskeleg å få den første moglegheita, men med ein kamp bak seg, og med siger der, har 21-åringen fått foten innanfor og då opnar også moglegheitene seg.

– Så no får eg kampar.

Birkelid fortel at neste kamp går i desember. Også den i Colchester. For så lenge han ikkje kan konkurrere i heimlandet, så må han reise ut for å gå kampar.

No er planen å få gått fleire kampar og bygge seg opp erfaring som amatør. Kva som skjer vidare er vanskeleg å seie, men Birkelid legg ikkje skjul på at det hadde vore kjekt å på sikt kunne gå proffkampar.

– Går det bra nokre kampar framover så er ikkje det heilt utenkeleg. Det hadde vore eit artig mål, så lenge alt går bra, smiler han.

Lukas hadde mellom anna med seg John-Amund Skår frå Varg Academy til MMA-debuten i England. Foto: Cage Warriors South East

Byrja då han var ni

Ulsteinvikaren har mange år bak seg som kampsportutøvar og byrja med taekwondo allereie som niåring.

– Eg trente med taekwondo-klubben frå eg var ni til eg var 17, og deltok i ein del meisterskap som NM og Nordisk. Frå 2018 vart eg meir fast her på Varg, for å trene meir kickboksing og brasiliansk jiu-jitsu, idrettar som rettar seg meir inn mot MMA.

Birkelid fortel at han har hatt eit mål om å kunne konkurrere i MMA ganske lenge.

– Eg var nok 14–15 då eg byrja å tenke på det. Det var også litt difor eg ville byrje her på Varg, fordi eg visste at eg ville prøve å konkurrere innan MMA ein dag. Då visste eg at eg ville trenge litt kunnskapar som var litt breiare enn det eg fekk berre frå taekwondo. Det har fungert bra så langt, seier Birkelid.

MMA står for mixed martial arts og betyr at dette er ein kampsport der utøvarane brukar teknikkar frå fleire ulike kampsportar.

– Det er ein samansetnad av dei ulike kampsportane, med ulike element frå forskjellige kampsportar. Jo meir kunnskap du har frå dei forskjellige greinene, jo meir utbytte kan det gje deg i buret.

Til skilnad frå til dømes boksing, der kampane blir gjennomført i ein boksering, går MMA-kampane i eit åttekanta bur. Kampane blir difor ofte skildra som «cage fighting».

– I utgangspunktet kan du bruke teknikkar frå alle dei anerkjente kampsportane. Dei mest kjente er nok boksing, bryting, taekwondo, thaiboksing og slike ting. Du kan bruke dei kunnskapane du har, sjølvsagt innanfor det gjeldande regelverket, forklarer Birkelid.

Her er Lukas i sparringkamp mot David Husøy under ei trening i brasiliansk jiu-jitsu på Varg Academy. Foto: Andreas Bjerknes/Arkiv

Tett kamp

Kampane kan bli avgjort på ulike måtar. Anten ved knockout eller teknisk knockout, submission eller gjennom dommaravgjersle. I Birkelid sin første amatørkamp var det på sistnemnde måten kampen vart avgjort.

– Første runda starta med at begge vart litt avventande. Vi visste at motstandaren min var ein erfaren og aggressiv kickboksar. Vi hadde trent ein del på at han skulle vere offensiv, men han hadde også gjort leksa si og var avventande. Det blei difor ei roleg førsterunde, med spark på spark, der eg så vidt vann runda på poeng.

I andre runde blei det noko høgare tempo. Birkelid fortel at begge trefte med nokre støyt, men det var ulsteinvikaren som tok runda.

– Eg stal den med nokre fine hovudspark, som skaka han godt. Det sikra meg runda. I runde tre gjorde eg ein taktisk feil inntil buret. Det førte til at eg enda under han og måtte ta litt for mange slag, heilt til eg greidde å kome meg ut. Derfrå vart det ganske jamt, men han tok sisterunden.

Totalt var det likevel siger for 21-åringen.

Mykje trening

Han brukar mykje tid på kampsport. Frå måndag til fredag er han stort sett kvar dag på Varg Academy, der han også er senterleiar for avdelinga i Ulsteinvik. I tillegg brukar han som oftast å legge turen til Ålesund i helgane for meir trening der.

– Det blir stort sett seks-sju dagar i veka med kampsporttrening.

Kva som blir prioritert i perioden inn mot ein kamp varierer ut frå kva slags motstandar han skal møte.

– No sist så møtte eg ein som tidlegare har vore proff kickboksar. Då blei fokuset meir på å prøve å få han ned på bakken, men det skjedde ikkje. Det gjekk bra likevel. Bakgrunnen min er i hovudsak bakkekamp og spark, så eg prøvar å jobbe mykje med boksebrytingstilen og ting eg er dårlegare på. Det er jo det som er både spanande og vanskeleg med MMA, at du må jobbe med alt. Det er alltid element ein må jobbe med.

I videoen under kan du sjå Lukas sparre brasiliansk jiu-jitsu mot David Husøy.