Det har tatt mange år sidan ideen for første gong vårt sådd, men måndag starta endeleg arbeidet med bygging av ny turnhall på Høddvoll. Etter planen skal den stå ferdig 5. desember, men primus motor Bjørn Roppen håper den kan takast i bruk endå litt tidlegare.

Gravearbeidet på Høddvollområdet er allereie i gang og måndag ettermiddag inviterte IL Hødd Turn til ein liten presentasjon av hallen. Der møtte representantar frå både entreprenør, arkitekt, andre brukarar på Høddvollområdet, Ulstein kommune og ikkje minst Sparebank 1 Søre Sunnmøre. Banken har bidrege sterkt til at det blir bygging.

foto
Katalysator: Ordførar Knut Erik Engh, Lillian Kleven Breivik i Sparebank 1 Søre Sunnmøre og Tore Liadal, leiar i IL Hødd Turn, med gåvesjekken på 1 million kroner frå banken til turngruppa. Administrerande direktør Stig Brautaset er glad for at banken kan vere med som katalysator for å få realisert prosjektet.

1 million frå Sparebank 1

Lillian Kleven Breivik, banksjef for personmarknaden ved Sparebank 1 Søre Sunnmøre i Ulsteinvik hadde med seg ein gåvesjekk til IL Hødd Turn.

– Den er på 1 million kroner for at ein skal kunne finansiere og realisere denne flotte hallen. Turn er ei stor gruppe, med mange aktive og det er absolutt behov for ein stor turnhall, seier Kleven Breivik.

– Dei er vår store støttespelar i dette prosjektet, slår Bjørn Roppen fast.

Tore Liadal, styreleiar i IL Hødd Turn, er svært fornøgd med at ein no har kome i gang med første steg i byggeprosessen.

– Det er heilt fantastisk at vi står her, rett og slett! For ein merkedag! Og endå betre blir det om nokre månader når hallen står ferdig, fortel Liadal.

foto
Bjørn Roppen presenterte turnhallprosjektet.

Mange medlemmer

Etter ein kort seanse ute på området der hallen skal byggast, gjekk turen inn på Høddvollhuset for dei frammøtte. Der feira turngruppa med litt kake og kaffi. I tillegg vart sentrale kontraktar mellom kommunen og andre involverte partar underskrive, medan Bjørn Roppen informerte om hallen og byggeprosessen.

Den nye turnhallen blir bygd vegg i vegg med Ulsteinhallen og skal bruke garderobefasilitetane der.

– Vi har om lag 350 medlemmer og er vel einaste idrettslaget her som tilbyr aktivitet til ungar under skulealder. Det vi kanskje manglar litt er at folk kan halde fram etter at dei er 14–15 år. Då er det ofte stort fråfall i turn, men den sida jobbar vi knallhardt med og vi har fleire og fleire ungdommar som er med på turn. Vi har også planar om å starte med vaksenturn, fortel Bjørn Roppen.

Han kunne også avsløre at styreleiar Liadal har tatt utfordringa med å ta trinn 1 i alle øvingar under opninga av hallen.

– Det blir ikkje enkelt, men det skal eg få til. Det lovar eg her og no, slår Liadal fast.

foto
Eldsjel: Bjørn Roppen har lagt ned eit enormt arbeid med å få på plass turnhallen og kan no gle seg over at arbeidet med bygging starta denne veka.

Nye moglegheiter

Hovudaktiviteten til Hødd Turn har gått føre seg i turnhallen i Myra på Skeide, men deler av gruppa har også vore spreidd rundt i andre lokale i kommunen. No vil ein kunne samle mykje meir aktivitet på same plass og den nye hallen gir også ein del nye moglegheiter.

Turnhallen vil vere like høg som Ulsteinhallen, men Roppen fortel at dragarane i taket vil vere mindre, noko Tore Liadal forklarer at vil gje betre høgde når RG-utøvarane skal trene. I den nye hallen skal det også byggast ei skumgrop for innøving av ulike element og her kjem ein også inn på moglegheitene for andre aktørar.

Roppen peikar mellom anna på at det kanskje kan verte moglegheiter for å trene stavsprang i skumgropa og viser til at Sunnmøre Folkehøgskule er i ferd med å etablere parkour-linje, som også vil kunne ha nytte av fasilitetane i ein turnhall.

Den nye turnhallen gir også heilt andre moglegheiter til å gjennomføre konkurransar enn tidlegare.

– Vi kan arrangere til dømes KM med publikum i turnhallen vår. Vi kan også arrangere internasjonale meisterskap med å berre flytte utstyret inn i Ulsteinhallen og etablere anlegg der med endå større kapasitet. No er det mykje som ligg til rette, seier Roppen.

Roppen retta takk til Sparebank 1 Søre Sunnmøre for si støtte til prosjektet, til Georg Grimstad og Bucci Arkitektur og Design, Siv Sundgot for arbeid med reguleringsplanen, Ulstein kommune, UEKF og IL Hødd.

foto
Stig Brautaset er administrerande direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre og set pris på å kunne bidra til realisering av prosjekt som turnhallen.

Veldig gjennomtenkt

Stig Brautaset, administrerande direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre, fortel at noko av det kjekkaste med hans jobb er å kunne bidra til prosjekt som den komande turnhallen.

– Vi får veldig mange førespurnadar frå ulike prosjekt. Nokre er ikkje så veldig gjennomtenkt, slik at vi ikkje kan gå vidare med det, men då Bjørn og gjengen kom til oss var det veldig gjennomtenkt. Eg blei veldig overraska då eg såg kor mange som dreiv med turn. Dei var også profesjonelle i måten dei presenterte dette på og då kjente eg på ein iver til at dette må vi få til. Om ikkje eg hugsar feil så fekk de vel tilsegn allereie i første møtet vi hadde, seier Brautaset. Gjennom støtta frå banken har dei også sikra seg profilering på fasaden til turnhallen.

foto
Ordførar Knut Erik Engh og varaordførar Stian Skorgen Scheide.

Knut Erik Engh, ordførar i Ulstein, meiner turnhallprosjektet har vore svært spanande og eit veldig godt tiltak.

– For det første er det mange utøvarar som får mykje betre treningsforhold. Det er viktig. Det at vi får samla fleire idrettar her oppe på Høddvollområdet gagnar også alle som er etablert her oppe. Vi har også ein vidaregåande skule vi er stolte over å ha i kommunen, som no vil få betre vekstmoglegheiter med slike fasilitetar, seier Engh.

Turnhallen blir bygd i privat regi, der turngruppa sjølv skaffar til vege finansieringa av hallen, medan kommunen stiller med tomta der hallen skal byggast. For ei kommune der ein har trong økonomi var det avgjerande for at kommunen kunne stille seg bak prosjektet.

– Vi har vore opptekne av å vere trygge på finansieringa, på sambruksmodellane og på at dette er noko som vil bidra positivt til omdømmet til idretten i Ulstein og Ulstein kommune. Eg er kjempeglad for at vi står her no. Gratulerer til alle saman, seier Engh.

foto
Iselin Eliassen Aske er styreleiar i IL Hødd.

Iselin Eliassen Aske, leiar i IL Hødd, fortel at Bjørn Roppen var rask med å kontakte henne om hallbygginga etter at ho vart valt til leiar i idrettslaget.

– Eg får ufortent mykje skryt for jobben de har gjort. Det at de har fått til denne turnhallen bidreg til å skape meir inkluderande kjensle på tvers av gruppene i Hødd. Eg er sikker på at det ser med på å sette Hødd og Ulsteinvik på Noregskartet med tanke på både breiddeidrett og toppidrettssatsing, seier Eliassen Aske i retning Roppen, Liadal og Vegar Brandal i IL Hødd Turn.

foto
Underskrifter: Ordførar Knut Erik Engh og Vegar Brandal frå IL Hødd Turn.

Bidreg til attraktivitet

Liadal nytta høvet til å rette ei stor takk til Bjørn Roppen, som har lagt ned eit stort arbeid for å få realisert draumen om ein ny turnhall.

– Med handa på hjartet kan eg nok seie at ingen har jobba like hardt for at dette skulle bli realitet som det Bjørn har gjort. Han fortener ein applaus, seier Liadal.

Kultursjef Leif Ringstad i Ulstein kommune er også glad for at ein no endeleg er i gang med bygging av turnhall. Han fortel at turnen er ei gruppe han har fått dårlegare og dårlegare samvit for, etter kvart som fleire andre idrettar har fått betre fasilitetar i kommunen.

For sjølv om turngruppa har hatt ein bra turnhall på Skeide, så vart det ikkje lagt til rette for turn verken i nye Ulsteinhallen eller i Ulstein Arena.

– For bulyst og Ulstein kommune sin attraktivitet som lokalsamfunn er det kanskje berre dette vi mangla på idrettsfronten, seier Ringstad.

foto
Kultursjef Leif Ringstad i Ulstein kommune. Iselin Eliassen Aske frå IL Hødd skriv under på kontrakt med Ulstein kommune.