Frå fredag til søndag skal nesten 600 ungdomar i aksjon under Ungdomsmeisterskapet i friidrett i Overhalla. Dimna IL stiller med 13 utøvarar, medan Hareid IL har med Svenning Veiseth.

Det er mogleg å følgje UM direkte på arrangørane sine nettsider.

G16

100 meter

Jonas André Ose er den store førehandsfavoritten. Med ein personleg rekord på 10,94 er Ose over tre tidelar raskare enn Tobias Windjusveen, som har nest-best tid av dei som stiller i Overhalla. Ose var svært nære medalje på 100 meter i U20-klassen under junior-NM sist helg og må tole favorittstempelet her, så sant sjukdomen han har slite med denne veka ikkje har tatt for mykje på.

200 meter

Også her er det Ose som er den store gullfavoritten. Sist helg imponerte han med 22.09 og gull under junior-NM. Også her er det Windjusveen frå Tyrving som er den tøffaste utfordraren, men hans årsbeste er på 22,98 og dermed eit godt stykke bak Dimna-utøvaren.

1500 meter hinder

Mats Fredriksen stiller for Dimna IL på 1500 meter hinder. Av deltakarane som er meldt på i denne øvinga er det berre Kaya Emin Sahin frå Breimsbygda IL som er registrert med tid denne sesongen. Han har 4.50,13. Tre av utøvarane har derimot prøvd seg på 2000 meter hinder (med 91,4 cm hinder). Her har Nils Tveite frå Ås IL årsbeste i G16-klassen med 6.47,24. Henrik Fjeld frå Vidar med 6.56,20 og Mats Fredriksen frå Dimna IL med 6.56,70 kjem på andre- og tredjeplass på årsstatistikken.

300 meter hekk

Jonas André Ose er også meldt opp på 300 meter hekk. Sist han sprang denne distansen i konkurranse var under Hadarleikane i 2017 der det blei 43,34. Under Hadarleikane sprang Ose med 76,2 cm høge hekkar. I UM er hekkane 84 cm. Seks gutar har vore raskare enn dette i G16-klassen denne sesongen, men berre fire av dei stiller på distansen i Overhalla. Herman Ellingsen frå Gneist har bestetid denne sesongen med 41,99.

3000 meter

Mats Fredriksen har ein personleg rekord på 9.46,06 på 3000 meter frå Framoleikane. Det er 19. beste tid av 16-åringane i Norge denne sesongen. Fire av dei som stiller i Overhalla har tider under 9.10 i år og Kristoffer Sagli frå Aure IL har sesongbeste med 9.00,73.

G17

Spyd

Svenning Veiseth er Hareid IL sin einaste representant under UM. Han var også med under junior-NM, der han endå på ein åttandeplass. Då sette Veiseth personleg rekord på 52,12 (800 grams spyd). Med 700 grams spyd har Veiseth kasta 51,65 denne sesongen. Markus Rooth er favoritt med 61,32, men her kan også Elias Nilsen frå Ørsta med 59,79 melde seg på i gullkampen. Svenning Veiseth har femte beste resultat av deltakarane i denne klassen så langt i år.

G18/19

100 meter

Filip Bøe tok gull i junior-NM og er favoritt til gullet på 100 meter også under UM. Bøe har 10,77 denne sesongen. Hans tøffaste utfordrarar blir truleg Edem Schaanning Agbo (10,88) og Patrcik Bjørkhaug Johannessen (10,98). Dimna IL sin representant i denne klassen, Sture Måseide, har årsbeste på 11,97.

200 meter

Jonathan Greni Bjerkaas frå Tyrving IL har årsbeste med 21,62, sett under senior-NM. Filip Bøe og Luca Thompson er truleg dei næraste konkurrentane. Sture Måseide si årsbestetid utandørs er 24,63, men han var nede på 23,71 i Ulsteinhallen i januar.

Kule

Iver Saunes Moldskred er litt bak dei aller beste i denne øvinga, men kan truleg melde seg på i medaljekampen med full klaff. Torkel Bjørbæk frå Bodø Friidrettsklubb har 16,01 denne sesongen og er favoritt framom Mathias Melheim frå Olden med 15,67. Henrik Langsæter frå Haugesund IL har støytt 13,41 denne sesongen, medan Saunes Moldskred med 12,52 har femte beste resultat av dei som stiller i UM.

Spyd

Med bronse under junior-NM sist helg er Iver Saunes Moldskred ein naturleg medaljekandidat i Overhalla. Myron Weinberg frå Kristiansands IF har årsbeste i denne klassen med 63,22, men Saunes Moldskred har nest-beste resultat denne sesongen med 59,88. Niklas Rutle frå FRI IL blir truleg hans tøffaste utfordrar i kampen om medalje.

J15

2000 meter kappgang

Henrikke Antonsen har tredje beste tid denne sesongen av dei som stiller i J15-klassen på 2000 meter kappgang. Maren Bekkestad frå Sturla IF har bestetid med 10.58. Antonsen har 13.20 utandørs denne sesongen, men var nede på 12.40 i oktober 2017.

Diskos

Elin Skavnes Våge og Elise Garnes Kleven representerer Dimna IL i diskos. Mariell Morken frå Voss IL har klart beste resultat denne sesongen med 37,14. Tre av jentene som stiller i Overhalla har kast over 30 meter denne sesongen. Elin Skavnes Våge har kasta 28,57, medan Elise Garnes Kleven har 24,03 denne sesongen.

Slegge

Elin Skavnes Våge har nest-beste årsbeste av jentene som deltek i slegge. Med 46,05 er ho under meteren bak Ruth-Margrethe Nilsen frå Modum FIK. Både Henrikke Antonsen (36,70) og Elise Garnes Kleven (31,48) er inne på topp-10 i J15-klassa denne sesongen.

Spyd

Henrikke Antonsen har ein personleg rekord på 26,21 frå Dimnaleikane i juni. Vår Litland frå Laksevåg TIL har årsbeste av dei som deltek i denne klassen med 41,74.

J16

200 meter

Emma Abotnes (24,99) og Andrea Rooth (25,03) har dei to beste tidene i år på denne distansen. Anna Garnes Kleven har 26,43 som bestetid i år utandørs, men innandørs har ho vore raskare fire gongar med 26,22 som bestetid.

300 meter hekk

Anna Garnes Kleven og Kornelia Roppen er meldt på frå Dimna IL. Andrea Rooth har årsbeste med 43,66. Garnes Kleven har 48,50 og Roppen har 51,79 denne sesongen.

80 meter hekk

Kornelia Roppen har ikkje tidlegare registrert resultat på 80 meter hekk, men er meldt opp i øvinga under UM. Esla Jørstad Bock med 11,97 har bestetid av dei påmelde.

Diskos

Anette Lydersen har ikkje tidlegare registrert resultat i diskos. I J16-klassen er det Lotta Flatum Fallingen med 47,72 og Elisabeth Thon Rosvold med 46,95 som har dei to beste resultata i år. Derfrå og ned til tredje beste resultat er det over ti meter.

Høgde

Kornelia Roppen er litt bak dei aller beste med 1,43 i høgde denne sesongen. Under UM i 2017 leverte ho solide 1,56 og tok ein fjerdeplass. Madelen Sveinungsen frå Sørlid har 1,71 som årsbeste og bør vere klar favoritt.

Lengde

Både Anna Garnes Kleven og Kornelia Roppen deltek i lengde. Garnes Kleven har best resultat av dei denne sesongen med 5,36, medan Roppen har levert 5,18 utandørs. Hannah Rimstad Steffensen har hoppa lengst av jentene i denne klassen i år med 5,65. Begge Dimna-jentene bør ha gode moglegheiter til å ta seg til finale.

Slegge

Anette Lydersen er absolutt kapabel til å blande seg inn i medaljekampen i slegge. Sarah Mikkelsen frå Brevik IL er klar favoritt med 57,87 denne sesongen, men Lydersen har tredje beste resultat av dei som stiller med 47,58. Her kan det bli ein tøff kamp om medalje med Anna Hjellen Haugland frå Ørsta IL (46,46 denne sesongen). Elisabeth Thon Rosvold har nest-beste resultat denne sesongen med 49,23.

Tresteg

Anna Garnes Kleven stiller i si første konkurranse i tresteg for sesongen. Her er det Hedda Kvalvåg frå IL Koll som har bestenotering i år med 11,94. Garnes Kleven har ”pers” på 10,88 og det er det berre to av jentene ho konkurrerer med i UM som har slått denne sesongen.

Spyd

Oline Rise Kvalen er truleg litt bak dei største medaljefavorittane i spydkonkurransen i J16-klassen. Vibeke Engen med 48,66 i år og Tuva Jacobsen med 46,28 i år er truleg dei største favorittane til gull. Emilie Tveitå frå Otra IL har tredje beste resultat av jentene som deltek med 40,79.

Oline Rise Kvalen har femte beste årsbeste av dei som stiller i Overhalla. Med 34,16 meter denne sesongen er ho blant utfordrarane i denne klassen.

J17

100 meter hekk

Caroline Amalie Sætre kan vere ein outsider til medalje på 100 meter hekk, men då må ho truleg presse ned ”persen” frå 14,98. Ho har sjuande beste tid i år av dei som stiller i denne øvinga. Martine Hjørnevik og Maria Aagberg representerte begge Norge på denne øvinga under U18-EM i Györ og Hjørnevik er førehandsfavoritt.

300 meter hekk

På langhekken har Caroline Amalie Sætre endå betre sjansar. Dimna-utøvaren har nest-beste tid av dei som stiller med 45,62 frå VU-spelen i Göteborg. Hanne Arstein har bestetid i år med 44,56. Bak Sætre er det Siri Lindanger med 47,81 som har best tid.

400 meter

Frida Røe Tærum er den klare favoritten på 400 meter med 55,90 som bestetid i år. Caroline Amalie Sætre frå Dimna IL har sjuande beste tid av dei som stiller med 1.00,81 frå Framoleikane.

Lengde

Sætre er også medaljekandidat når ein kjem til lengdekonkurransen i J17-klassen. To jenter, Iben Carnhed (5,74) og Karoline Jæger (5,61) har vore betre enn Sætre (5,37).

Stav

Hedda Marie Kjølberg Hauge frå Ski er klar favoritt med 4,02 i år. Sætre har ikkje registrert resultat utandørs i denne øvinga, men har 2,40 innandørs.

J18/19

200 meter

Johanne Rise Kvalen er litt bak dei aller beste på 200 meter. Kaitesi Ertzgaard med 24,71 har bestetid i år av dei som stiller under UM. Rise Kvalen har 27,01 i år (26,78 i for mykje vind).

Lengde

Johanne Rise Kvalen har fjerde beste resultat i år av jentene som stiller i lengde. Rise Kvalen hoppa 5,48 under Tyrvingleikane. Sigrid Kleive frå Ålesund FIK er favoritt etter å ha hoppa 6,02 under junior-NM. Thale og Thea Leirfall Bremset har 5,69 og 5,62 som sine beste resultat i år.

Stafett

Dimna IL stiller lag både i G17-19 og J17-19 på 1000 meter stafett.