Det nærmar seg sesongslutt i 4.-divisjon på Sunnmøre. Allereie er det klart at Hødd 2 har sikra opprykket til neste års 3.-divisjon, men det er framleis kamp om både plasseringar og om å unngå nedrykk før dei to siste rundane.

Slik det ser ut i 3.-divisjon avdeling 4 er AaFK 2 einaste sunnmørslaget som ligg an til nedrykk. Dermed er det to lag som rykker ned frå 4.-divisjon.

Her ligg Norborg utsett til med sine 13 poeng, tre bak Langevåg og fem bak Godøy. Norborg skal gjeste Langevåg fredag kveld i det som kan bli ein heilt avgjerande kamp for begge lag. Norborg avsluttar sesongen med heimekamp mot Hareid, medan Langevåg avsluttar borte mot Skarbøvik.

Godøy slo Hareid 3-0 sist runde og har skaffa seg det beste utgangspunktet før dei to siste rundane. Godøy møter Emblem borte fredag, medan sesongen blir avslutta heime mot FK Sykkylven.

Rollon har løfta seg akkurat nok til å unngå ei svært nervøs avslutning på sesongen. Etter siger over både Norborg og Godøy, i tillegg til ein sterk trepoengar mot Bergsøy, har laget klatra opp på 23 poeng. Fredag reiser Rollon til Hareid, og med bortesiger her vil Rollon passere heimelaget på tabellen.

For før dei siste to kampane er det svært tett mellom Emblem på fjerdeplass med 27 poeng og Rollon på niandeplass med 23. Skarbøvik og Hareid jagar tettast Emblem med sine 26, medan LGFK og FK Sykkylven har like mange poeng som Rollon. Det er dermed heilt ope om plasseringane midt på tabellen.

Hareid kjem som nemnt frå eit 3-0 tap på Godøya. Laget har vore inne i ei tøff periode, og mellom anna møtt alle dei tre topplaga i løpet av sine fem siste kampar. Mot Hødd 2 og Volda gjekk Hareid på stortap, men heime mot Bergsøy imponerte Hareid med 0-0. Og Hareid har gjort det til ein vane å slå tilbake etter tap.

Hødd 2 skal avslutte sesongen med toppkamp borte mot Volda neste veke, men før den tid skal laget spele sesongens siste kamp på Høddvoll. Fredag kjem Skarbøvik på besøk, og dei får bryne seg på eit ungt Hødd-lag.

A-laget spelar nemleg kamp laurdag, og det gjer sitt til at Hødd 2 fredag berre stiller med ein mann frå A-troppen. Hødd 2 har allereie sikra avdelingssigeren, men kan fredag sikre sesongens 10. heimesiger.

Hødd 2 vann 6-1 over Langevåg tidlegare i veka. Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll.