Dette laget stiller Hødd i oppgjeret mot Fram Larvik:

Hødd (3-5-2): Jan-Lennart Urke - Steffen Moltu, Eirik Haugan, Jesper Törnqvist - Preben Sætre, Henrik Breimyr, Didrik Sereba, Bendik Torset, Bendik Rise - Robin Shroot, Robin Hjelmeseth

Innbyte: Ole Monrad Alme, Eirik Saunes, Badr Rahhaoui, Andreas Breimyr, Sveinung Tilseth

Før kampen

Hødd avslutta før fotballferien med heimetap mot Vard Haugesund, og er ute etter å revansjere seg når dei no møter Fram Larvik i nettopp Larvik. Den heimvendte son, Robin Hjelmeseth, er med i kamptroppen som reiser nedover, og kanskje får han sleppe inn på og skape nokre farlege sjansar for Hødd? Målpoeng er noko Hødd treng, då dei blåkvite før morgondagens kamp ligg på ein 8. plass med berre 18 poeng på 14 serierunder.

Kampstart er 16:00.

Følg kampen i vindauget over.