Herd scora nemleg begge sine mål etter dødball. Even Hansrud hadde først - etter 26 minutt – gitt Hareid leiing på eit skot frå tjue meter. Herd si corner-klarering gjekk rett i beina på Hareid sin nummer 14 som var nådelaus når sjansen første baud seg. Dessverre måtte Hansrud like etter ut med skade; midtbanespelaren har etter alt å døme slått opp igjen strekken han har vore plaga med. Herd kvitterte derimot raskt etter Hansrud si scoring. Berre fire minutt etterpå var Vegard Bruland best i feltet på ein corner og stanga inn 1-1. Hareid hadde to gode tilbod før kvilen: Den første etter tjue minutt då Robin Jackson Indreflø ikkje fekk skikkeleg dreis på ei avslutning åleine med Herd-keeper Arne Humlung – den andre då Kim-Tore Husøy sitt forsøk vart blokkert inne i feltet. I ein kjedeleg og lite innhaldsrik 2. omgang var Bruland frampå igjen og heada inn sitt og Herd sitt andre dødballmål i kampen. Hareid klarte aldri å slå tilbake, men heimelaget var nære etter 81 minutt. Steffen Lilleås kom seg forbi eit par Herd-spelarar, slo inn på bakerste stolpe der Ronny Jørgensen fekk ein dobbelsjanse: først heada Hareid-spissen rett på keeper før han på den påfølgjande returen skaut i nettveggen. Dermed enda det 2-1 til Herd, noko som irriterte André Skotheim. - Forbanna surt, var hovudtrenaren sin umiddelbare kommentar etter kampslutt. - Det er ei skandale å sleppe inn to dødballmål, rett og slett; det er ikkje noko ein forventar skal skje. Når vi forsvarar oss på cornerar skal vi vere best, sa Skotheim vidare, som meinte Hareid hadde nok målsjansar til å vinne i dag. Hareid-trenaren meiner dei to baklengsmåla er surare enn sjølve tapet, men var heller ikkje spesielt nøgd med det spelemessige. - Alle er litt under pari og det er ingen som verken glitrar eller er svake. Og når alle har ein middels dag blir det sjeldent bra, meinte Skotheim. Men trass alt er Hareid-trenaren klar på at Hareid er i framgong. Med 4-3-sigeren mot Brattvåg i førre runde, og det no knepne tapet mot Herd, så ser Skotheim lyst på dei komande kampane. - Vi er på rett spor. Når også spelarar som Kim-Tore Husøy og Ronny Jørgensen får fleire kampar vil vi bli endå betre. På sitt beste er dei med på å prege divisjonen, meiner Skotheim.
- Må sette sjansane
Nettopp Kim-Tore Husøy var – i likheit med André Skotheim – irritert over baklengsmåla på dødball. - Det er for dårleg å sleppe inn to cornerar. No må vi jobbe med dette framover, vi må få fleire til å ta ansvar på dei defensive oppgåvene, sa Husøy, som meiner Hareid berre har seg sjølv å takke for poengtapet. - Mot lag som Herd må vi sette sjansane, så enkelt er det, kommenterte midtbanespelaren, vel vitande om sin eigen store sjanse i første omgang. PS: Dei ti siste minutta kom Fredrik Bøe inn for Kim-Tore Husøy. Bøe, som har vore ei svært viktig brikke på Hareid 2 i vår, vart grunna mange fråver til kampen mot Brattvåg sist henta inn i troppa. Innhoppet han gjorde der var såpass godt at Skotheim no går langt i love fleire kampar framover. - Fredrik har stått på under trening og han verkar svolten. Og spelarar med lysande auger likar eg, kommenterer André Skotheim Kampfakta: 3. divisjon avdeling 17, 22.05.09: Hareid-Herd 1-2 Mål: 1-0 Even Hansrud, 1-1 Vegard Bruland (30), 1-2 Bruland (70) Gule kort: Eirik Dalhus (Herd), Vagn Scheide Mork (Hareid). Dommar: Bjørn Bakkom Hareid: Vagn Scheide Mork – Joachim Røyset (Antoni Gardshol i 62. minutt), Eiliv-Tore Howlid, Joachim Moldskred, Steffen Uldbæk – Even Hansrud (Andreas Kurseth i 35. minutt), Kim-Tore Husøy (Fredrik Bøe) i 80. minutt), Per Ståle Nykrem, Robin Jackson Indreflø (Steffen Lilleås i 65. minutt) – Martinus Bakken, Ronny Jørgensen. Heider: * Eiliv-Tore Howlid, * Joachim Moldskred, * Kim-Tore Husøy, * Vagn Scheide Mork, * Andreas Kurseth.