Tidlegarei år møtte Hødd og Fortuna Ålesund kvarandre i ein treningskamp. Sjølv om Høddleia to gongar i den kampen,  vart stillingatil slutt 5-3 til 1.-divisjonslaget frå Ålesund.

Tysdagkveld møtte dei kvarandre endå ein gong – no i fyrste runde av NM. Denne gongenvart det eit heilt anna resultat, sjølv om talet på mål var nesten like mange.

 Jamnfyrsteomgang

Det var sværtlite som skilde laga i den fyrste omgangen. Begge laga fekk kvar sinehalvsjansar i laupet av dei fyrste ti minutta, men gode keeperprestasjonar fråbegge lag sørgja for at ballen heldt seg ute av nettet.

At detframleis stod mållaust i det 26. speleminuttet er nesten eit under. Hødds VildeHasund og Angelica Vattøy stod nesten i kø for å pirke inn leiarmålet, men eiklarering i siste sekund avverja sjansen.

Detsmakte truleg bittert for Hødd, for om lag ti sekund før dommaren blåste avfyrste omgang banka ein Fortuna-spelar inn 1-0 frå vel 20 meters hald.

Dødballdronning

Skåringafør pause tok mykje av lufta ut av Hødd-damene, men om lag fem minutt ut i denandre omgangen skulle bortelaget få nye krefter. Dommaren såg riving i trøya inne iFortunas målfelt og markerte for straffespark til gjestane. Den sette kaptein RagnhildErtesvåg sikkert i målet.

Det tyderat Ertesvåg har skåra tre mål på dei siste tre kampane på seniornivå – alle påfrispark eller straffespark.

- Når einfyrst får sjansen, så må ein jo berre prøve, seier kapteinen audmjukt.

Kortvarig glede

Men Fortuna skulle slå hardt tilbake. Allereie minuttet seinare prøvde Sigrid Hansenseg på eit langskot, som sneik seg inn nede i Kvammes lengste hjørne.

Derifråog ut var det inga tvil om kven som var best i Sparebanken Møre Arena, for tonye skåringar frå heimelaget etter ein times spel sørgja for at ein komfortabelsiger var i boks.

Kampenfekk litt spenning då ein av heimelagets forsvarar fekk direkte raudt kortetter å ha stoppa Angelica Vattøy på ulovleg vis, men Hødd klarte ikkje åutnytte overtalet.

Med eitpar minutt att å spele skåra Fortunas Lise Eide to kjappe mål og pynta påresultatet til heile 6-1.

- Vi ga litt opp

Sjølv omdet vart eit stort tap, er trenar Ole Per Kragset totalt sett nøgd med laget.

- Eg tykkjerat vi spelte ein veldig bra fyrste omgang. Det hadde nesten vore meir fortentat vi leia til pause enn at dei gjorde det, men i andre omgang så vart vi littslitne. Dessverre så fekk vi mål nummer to i mot litt for kjapt. Etter at vifår det tredje målet i mot så vart det store rom for dei og vi ga etter kvartlitt opp. Men dei spelar jo i divisjonen over oss, så alt i alt ein godtgjennomført kamp av oss, forklarar Kragset.

Kampfakta

Noregsmeisterskapen,runde 1Fortuna Ålesund - Hødd 6-1 (1-0)Sparebanken Møre ArenaTilskodartal: 25Mål Hødd: Ragnhild Ertesvåg (str 52.)Dommar: Tove Marie Tandstad, Velledalen og Ringen FKIngen gule kort på Hødd

Hødd (4-3-3): Aina Kvamme – Benedikte Nevstad,Susann Kragset (Silje Holstad, 59), Hanna Urke Møllerstad, Ellen Nerland Aahjem– Mari Heggem (Sofie Gjerde, 87), Ragnhild Ertesvåg, Thea Vattøy Kristensen -Miriam Tvedt (Caroline Overvåg, 67), Angelica Vattøy, Vilde Hasund

Heider:

*** AinaKvamme ** Ragnhild Ertesvåg* Vilde Hasund

Les også:

* NM i kveld

* Møter Fortuna

* - Vi Har heva oss