Både son og far har spelt for Lillestrøm, og Frode har også vore i to cupfinalar med kanariane.
- Eg sat på benken i 1986 mot Tromsø, då vi tapte 4-1. Så spelte eg då vi tapte mot Rosenborg i 1992. Etter tap og tap må det vil kome ein siger no, håper Frode.
Familien på kamp
Vi møtte han i LSK-hallen laurdag føremiddag, den den tidlegare landslagskeeperen var på plass for å sjå Victor og dei andre Hødd-spelarane si siste trening før cupfinalen søndag.
- Familien frå Hornindal kjem for å heie. Alle skal kle seg opp i Hødd-skjerf. Både Victor og laget har klart seg godt i NM. Hødd har vist at dei er betre jo hardare motstanden er, seier Frode.
Som trur Hødd sine suksessfaktorar på Ullevål må vere vilje til å tore og mykje energi.
- Ikkje gått opp
Victor Grodås kan nesten ikkje vente til avspark går klokka 13.15 søndag.
- Det har ikkje heilt gått opp for meg enno at vi skal spele finale. No gler eg meg svært mykje til å gå ut på matta der og spele fotball. Dette har vi gleda oss til lenge.
- Har du fått nokre tips frå far din før finalen?
- Vi har i grunnen ikkje prata så mykje om cupen. Det har gått mest i snakk om serien, smiler Victor.
Han og Hødd skal utover dagen slappe av, ete middag, samle overskot og legge seg tidleg.