Heltne sette ballen enkelt i mål etter at søskenbarnet Fredrik Aursnes gjorde forarbeidet på høgreisda. Då var det spelt 52 minutt, og fleire mål vart det ikkje i den relativt tette og jamne kampen mot Sandefjord.- Det kjentest ut som eg vart 10 kilo lettare då eg scora. Vi stonga mest imot før pause, medan Sandefjord berre skapte éin stor sjanse. Scoringa mi kom på eit veldig gunstig tidspunkt.

Derifrå og ut synest eg vi var veldig solide, seier Heltne til Vikebladet Vestposten.Som har scora tre mål i årets Adeccoliga, og ikkje legg skjul på at dagens scoring er viktigast av dei.

Hadde kontroll

Vegard Heltne meiner Hødd lukkast svært godt med taktikken mot opprykksjagande Sandefjord.

- Vi fekk beskjed om å den venstre stopparen deira gjerne kunne få ballen, sidan han slo upresist, og det lukkast vi med. Vi braut ned spelet deira, og eigentleg hadde vi kontroll frå start til slutt, seier Heltne.

- Alt kan skje

Som no trur det skal mykje til at Hødd ikkje held plassen i Adeccoligaen.

- Hadde vi gitt frå oss poeng i dag hadde det blitt vanskeleg, for å ikkje seie umogleg. Derfor var det ubeskriveleg herleg å vinne denne kampen. Alt kan skje, og vi ønskjer sjølvsagt å gjere jobben sjølv ved å slå Bodø/Glimt i siste runde. Men tre botnlag må forbi oss, og at tre botnlag tar poeng same runde skjer svært sjeldan. Sjølv om vi ikkje kan vere heilt sikre, meiner matchvinnaren.

Les også: På god veg mot fornya Adeccoliga-kontrakt