Marion Buunk jobbar i Hødd sitt støtteapparat som kiropraktor,  i tillegg til å steppe inn som reiseleiar no og då. Men ho har også ei fortid som fotballspelar.

I 2003 spelte ho sentral midtbane på 1.-divisjonslaget Medkila, som høgst overraskande vann 2-1 mot toppserielaget Kolbotn i cupfinalen.

- Den opplevinga kan ikkje samanliknast med noko anna eg har gjort på fotballbana, seier Marion til Vikebladet Vestposten.

I same situasjon

Og legg til at Hødd er i om lag same situasjonen framfor søndagens finale mot Tromsø som Medkila var for ni år sidan.

- Ja, eg kjenner meg veldig igjen i situasjonen. Vi var ein liten klubb frå ein liten stad der om lag halvparten av spelarane var lokale, som her på Hødd i dag. Og vi kom litt ut av ingenting, fortel Marion.

- Vinn 2-1

Medkila rykte rett nok opp same år som dei vann cupfinalen. Så rykte dei rett ned igjen året etter.

- Korleis går det med Hødd i cupfinalen, Marion?

- Eg trur vi vinn 2-1. Gjerne seint, kanskje etter ekstraomgangar. Men straffesparkkonkurranse vil eg ikkje ha, smiler cupvinnaren frå 2003.

Møter igjen Christensen

Eit litt artig moment er at Agnar Christensen trena Medkila til cupgull den gongen. Han er hjelpetrenar for Tromsø i dag, og blir hovudtrenar frå og med kommande sesong.

Christensen var elev på D-kurs for trenarar saman med Hødd-trenar Lars Arne Nilsen. Noverande hovudtrenar i Tromsø, Per Mathias Høgmo, var instruktør på kurset.

Les også:

* Ladar opp heime* Hødd-spelarane sine barndomsbilete