Ørsta leia 2-1, men ei scoring av Ola Kalvø Vattøy sju minutt før full tid ordna Hareids andre uavgjorte kamp på rad.

- Ut frå kampens utvikling var det greitt. Vi tok leiinga og hadde godt tak på kampen. Vi spelte bra i 1. omgang og datt litt meir i 2. omgang. Dei var meir aggressive, pressa oss meir og då fekk vi problem. Vi må trene på feila vi gjorde i markeringsspelet, sa Hareid-trenar Hans Gisle Holstad etter kampen.

Eiliv-Tore Howlid (36 år i dag) scora Hareid-målet i 1. omgang.

Les meir om kampen i laurdagsnummeret.

Kampfakta4.-divisjon runde 8Hareid - Ørsta 2-2 (1-0)Hareid stadionTilskodarar: 40Mål: 1-0 Howlid (28), 1-1 Winjevoll (49), 1-2 Dagfinrud (76), 2-2 Vattøy (83)Dommar: Jan Helge Lund, Godøy IL - 5Gule kort Hareid: Driksna, Indreflø, Folkestad, Olsen, Howlid.Gule kort Ørsta: Winjevoll.Hareid (4-2-3-1): Vagn Scheide Mork (K) – Robin Jackson Indreflø (Christer Adrian Mork 70) , Eiliv-Tore Howlid, Ørjan Engen Grimstad, Nauris Driksna – Øyvind Hagen, Alexander Nevstad (Ulrik Wingsternes 87) – Håkon Orten Trovåg (Runar Stranden 82), Ola Kalvø Vattøy, Georg Eikrem Olsen (Simon Holstad Grimstad 82) – Lars Andreas Dahlen Folkestad

Andre 4.-divisjonsresultat:

* Volda - Blindheim 5-1

* Rollon - Godøy 0-1

* Stranda - Valder 0-3

* FK Sykkylven - Langevåg 1-2

* Skodje - Emblem 0-5 (i går)