Begge dei to Dimna IL-jentene studerer i Oslo og er med i treningsgruppa til Przjemek Kram. Både Grimstad og Berg gjorde det godt i fjor også. Berg vart nummer fire på 400-meter hekk i senior-NM. Grimstad tok to sølv i junior-NM inne.

Mange persar

I vinter fekk Grimstad vere med på landslagssamling i Finland. Ho har sett personleg rekord på både 100-meter hekk, (14.13), 100-meter (12.21, 12.60 i fjor) og 200-meter (25.21). Berg har også sett ei rekkje persar, men har enno ikkje sesongdebutert på øvinga ho satsar mest på; 400-meter hekk.

– Eg har sett meg som mål å delta i U23-EM neste år. Det hadde vore artig å bli med på noko slikt, sjølv om det heilt klart blir å rekne som ein bonus. Då må eg under 60.50, seier Marthe Mjøen Berg.

Er blitt raskare

Ho er fødd i 1993, medan Renate Grimstad er 1992-modell. Renate har 100-meter hekk som si spesialøving. Der ønskjer ho å kome seg under 14.00 denne sesongen.

– Det har gått veldig bra så langt i år, med persar kvart einaste stemne. Eg har blitt raskare. Det viser tidene, seier Renate.

Marthe opplever det same.

– Eg har fått tilbakemelding frå trenarane om at steget er mykje betre i år. Og det hjelper jo på i hekken, seier ho.

– Vi er like

Renate og Marthe har kjent kvarandre lenge. Marthe var først medlem i Hødd, men dei la ned friidrettsgruppa si. Så ho har vore med i Dimna sidan tidleg ungdomsskulealder. Begge jentene flytta til Oslo sist sommar, og begge er nyst ferdige med eitt års skulegang i hovudstaden. Renate tar ein bachelorgrad i sjukepleie, medan Marthe tar lektorutdanning. Begge er med i treningsgruppa til Przjemek Kram fem gonger i veka. I tillegg trenar Dimna-duoen i lag kvar tysdag. Skal tru om ikkje Marthe og Renate kan bli litt leie av kvarandre i lengda?

– Absolutt ikkje. Vi hadde ikkje prestert så bra om vi ikkje hadde trena saman. Vi er jo veldig like og omtrent like gamle. Det gir meg ein bra peikepinn på kor eg ligg an. Eg er veldig glad for å kunne trene saman med Marthe, seier Renate.

– Vi blir ikkje leie av kvarandre, nei. Det er berre morosamt å ha ei å måle seg mot både på trening og konkurranse. Dessutan unner vi kvarandre å gjere det godt, supplerer Marthe.

Skiftar aldri klubb

I sommar skal ho jobbe på SUFH, medan Renate skal vere på Kleven. Då får dei også trena saman med dei andre i Dimna IL. Jentene meiner idrettslaget har vore til betydeleg hjelp sjølv om dei bur i Oslo. Ikkje berre gjennom duologar med trenar Arve Hatløy, men med hjelp til anna tilrettelegging.

– Sjølv om vi trenar med ei anna gruppe i Oslo er eg sikker på vi aldri kjem til å skifte klubb, seier Marthe.

UM på heimebane

Sjølv om begge jentene har gjort det veldig godt så langt er det først no den verkelege sesongen startar. Det inkluderer mellom anna Tyrvingleikane, eit elitestemne i Göteborg, junior-NM og senior-NM utandørs. Jentene skal også på ei treningssamling i Polen mot slutten av juli. Og Renate deltek i Bislett Games neste veke.

Marthe er akkurat ung nok til å kunne bli med i UM på heimebane i den nye Ulsteinhallen i mars 2015.

Med andre ord har jentene nok å sjå fram til.