Ulstein-syklistane Peter Horn og Iver Vattøy deltok i Atlanterhavsrittet måndag. Peter prøvde seg på eit tidleg brotforsøk på sjølve Atlenterhavsvegen, men måtte gi tapt for eit jagande felt bak som ikkje ville la han gå. Iver viste mykje køyrestyrke mot slutten då han var med å køyre inn ei utbrytargruppe. Peter var akkurat framfor Iver over den harde bakkeavslutninga, men dei fekk lik tid og delt siger i sin klasse med tida 2.31.49. Totalt enda duoen på 10.-plass av 71 startande.

I Nibberittet dagen før enda Iver Vattøy på 4.-plass (1.18.24) og Peter Horn på 5.-plass (1.18.31). Peter låg framme og sette opp tempoet det rittet, medan Iver hadde mest å gi på slutten.