Etter å ha hatt ei god fotballkarriere både i Molde, Hødd og på aldersbestemt landslag, bestemte Sindre Eid seg i 2006 for å flytte tilbake til Ulsteinvik for å jobbe som marknadssjef i Hødd. Med over 350 kampar for Hødd, og no seks år i trenarteamet, er det ingen tvil om at han har stor kjærleik for klubben.

- Hødd har vore ein stor del av livet mitt i mange år. Det er ein klubb som har betydd, og betyr mykje for meg.

Då Eid tok steget inn i trenarteamet i Hødd var det som assistent for Lars Arne Nilsen.

- Eg gjekk nokre runder med meg sjølv og familien om kor lurt det var å ta over etter Lars Arne. Samstundes hadde eg vore ein del av eit trenarteam som hadde oppnådd mange gode resultat, og eg hadde lært mykje av Lars Arne.

Ulsteinviking - i med og motgang er ein serie om Hødd i seks delar. Der følgjer ein spelarar, trenarar, frivillige og supportarar i tida før seriestart 2015.  Det er Ane Mørk, Siri Husby Fiskum, Gunhild Kjeilen Kallvig og Silje Steinnes Bjerknes frå Høgskulen i Volda som står bak serien.

Les meir om Sindre Eid og Hødd sin første sesong på nye Høddvoll på Nernett.

Sjå første episode: - Hødd er ein livsstil

Sjå andre episode: – Når jobben din er å spele fotball så er det alt du har lyst til

Sjå tredje episode: - Eg har spelt fotball sidan eg kunne gå

Sjå fjerde episode: - Ein blir aldri for gamal

Vikebladet.no blir det presentert ei episode frå serien kvar dag inn mot seriestart.

Siri Husby Fiskum, Silje Steinnes Bjerknes, Ane Mørk og Gunhild Kjeilen Kallvig frå Høgskulen i Volda står bak nettserien "Ulsteinviking - I med og motgang".