Det vart ei nærast perfekt generalprøve for Karsten Warholm då han fredag storma inn til ny norsk rekord på 400 meter hekk under VU-spelen i Göteborg.

Torsdag ettermiddag står han på startstreken i semifinale på same distanse under EM i Amsterdam. Truleg må han opp mot sin nye rekord for å ta seg vidare til finale, men med niande beste tid i Europa i år er ein av dei åtte finaleplassane innanfor rekkevidd om alt klaffar.

– Dette er noko eg har lada godt opp til så eg trur dette skal kunne gå ganske bra, fortel Warholm på telefon frå Amsterdam.

– Nydeleg

Med den strålande tida frå Göteborg i bagasjen fekk han ei klar stadfesting på at forma er på plass før årets store mål.

– Ja, det var nydeleg å ha med seg det løpet inn til EM. Det er absolutt ikkje negativt for sjølvtilliten, slår stortalentet fast. Han fortel at han fekk veldig fin flyt på dei første 300 metrane under løpet i Göteborg, men det er framleis endå litt meir å gå på før det blir heilt perfekt.

– Eg kunne redda nokre tidelar til på slutten, men dei første 300 var så godt som knirkefrie.

Du satsar på noko liknande i Amsterdam?

– Ja, det er alltid litt risiko med hekkane, ein veit aldri, men eg trur absolutt at det skal vere mogleg å kopiere det eg gjorde i Göteborg også under EM. Det handlar berre om å treffe, og det som skjer det skjer.

Sidan Karsten Warholm er ein av dei 12 raskaste på 400 meter hekk i Europa denne sesongen, så er han førehandskvalifisert til semifinale og sleppte dermed unna forsøksheatet onsdag. Dermed har han eit løp mindre i beina enn mange av konkurrentane.

– I utgangspunktet er det ein fordel å springe eit løp mindre enn andre, spesielt på ein såpass krevjande distanse som 400 meter hekk er. Det er ikkje eg som har laga regelen, men når eg får tilbodet så takkar eg sjølvsagt ja til det, seier Warholm.

Finale er ikkje umogleg

Med plass i semifinalen er det ikkje urealistisk å tru at Warholm kan ta seg heilt til finalen, men då må han truleg ha ei tid i nærleiken av den han sette under VU-spelen.

– Det skal klaffe ganske bra. Eg er jo framleis litt nybyrjar på 400 meter hekk, og dermed er det kanskje endå litt meir som må klaffe, men det er alltids ei moglegheit, men vi må sjå kva som skjer torsdagen. Det er ikkje umogeleg å ta seg til ei finale, men det er heller ikkje gitt at det blir finaleplass. Det skal bli kjekt å sjå, fortel Warholm.

– Eg må berre springe på, det er det einaste eg kan gjere, smiler Dimna-utøvaren.

EM er Warholm sitt første internasjonale seniormeisterskap, men 20-åringen vart mellom anna dobbel sølvvinnar under U23-EM i 2015. Men som debutant i EM er det neppe i år Warholm når toppen.

– Eg er framleis på det stadiet der alle nye opplevingar og meisterskap er gode erfaringar å ta med seg vidare. Det betyr ikkje at eg ikkje vil gjere det eg kan for å yte mitt beste. Dette er ei glimrande moglegheit for meg, trur Warholm.

Semifinalane på 400 meter hekk på Olympiastadion i Amsterdam går torsdag ettermiddag klokka 16.15. Ei eventuell finale går fredag kveld. Karsten Warholm kan også vere aktuell for eit norsk stafettlag, men det var ikkje klart då Vikebladet Vestposten snakka med Warholm.