Odim-oppsopet gjekk til topps i Ulstein Bowling sin trivselsserie. Frå v.: Cecilie Andersson, Einar Nevstad og Margrethe Hareide Garnes. Foto: Gunnar Wiik

Odim-oppsopet møtte Kleven Verft1 i finalen og vann 1827-1622.

I bronsefinalen vann Rolls-Royce Ship Tech2 med 1801-1641 over Jets.

I finalerundene vann Odim-oppsopet over Eikrem & Valde, Stålblås og Rolls-Royce Ship Tech2 på vegen mot endeleg finaleplass.

Kleven Verft1 sin finaleplass kom etter sigrar over Odim1, KR Elektro og Jets.

Spelarar på Odim-oppsopet: Cecilie P. Andersson, Einar Nevstad og Margrethe H. Garnes.

Kleven Verft1: Arve Vestnes, Alf Johann Antonsen, Rikard Jensen, Magnus Bøe Sørensen og Kai Rune Skår.

Den enkeltspelaren som fekk høgast snitt i denne omgangen av Trivselsserien var Ståle Lyshaugen frå Stålblås med 176.