Fjoråret blei ikkje slik Ole Monrad Alme ønskte. Ein alvorleg skade sørga for at han berre spelte 20 minutt A-lagsfotball. No er keeperen tilbake for fullt og håper å gjere sitt for å bidra til ein bra Hødd-sesong. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

– Dei tre første månadane var ganske «heavy»

9. februar 2021 gjekk det gale for Ole Monrad Alme. Hødd var i ferd med å avslutte ei trening i Ulsmohallen. Keeperen skulle ut for å ta hand om ein ball, men gjekk plutseleg i bakken med eit smell. Smertebrølet var ikkje til å ta feil av. Dette var alvor. Fasiten var avriven akillessene i eine foten og mange, lange månader ute av spel.