Brattvåg tok imot ein liten armé frå Ulsteinvik til 2.-divisjonskampen mellom Brattvåg og Hødd laurdag. Mange med blåkvitt hjarte hadde tatt den korte turen nordover på Sunnmøre for å sjå eit opprykksjagande Hødd-lag, men mot eit lag som har vore svært solide heime, var det ingen som trudde på nokon lett kamp for Hødd.

Tidlegare i haust gav Brattvåg Hødd ei hjelpande hand med å slå Ull/Kisa, men for Hødd var det viktig å ikkje gå på same skrellen som laget frå Jessheim.

Hødd stilte med det same laget som slo Gjøvik-Lyn på søndag sist helg, medan Brattvåg stilte med tre mann frå start som alle har vore innom Hødd i løpet av dei siste sesongane.

For bortelaget heldt det på å gå gale allereie i opningsminutta. Ole Monrad Alme var ikkje heldig med ei berøring i eige felt og gav Brattvåg kampens første sjanse, men keeperen fekk avverja og til slutt klarert ballen. Spørsmålet vart likevel om det var tidlege teikn til nervar frå Hødd sin solide sisteskanse.

Bortelaget kom på ein flott overgang etter fem minutt, der ballen gjekk mellom Scriven, Helmersen og Larsen, før vingbacken finta ein forsvarar på baken og prøvde avslutning. Den blei blokkert og Robin Hjelmeseth ville veldig gjerne hatt ballen før skotet.

Hødd spelte seg til fleire dødballar i løpet av opningskvarteret, men utan at ein kom til store moglegheiter.

Hødd såg likevel farlegast ut i første del av førsteomgangen og hadde også ballen i mål etter 18 minutt, men Andreas Helmersen var i offside ifølgje assistentdommaren og scoringa vart ikkje ståande.

Heimelaget var småfarleg frampå etter 29 minutt, då Sondre Beite fekk ballen i Hødd-feltet, men den tidlegare Hødd-spelaren fann ikkje andre i gult og Hødd fekk rydda unna.

Eirik Franke Saunes var ikkje langt unna å sende Hødd i føringa kvarteret før pause. Etter eit langt innkast datt ballen ned i beina på Saunes, som skaut frå om lag 16 meter, men som ikkje fekk pressa skotet innanfor stolpane.

Kort tid seinare var Brattvåg småfarlege på ein corner, men også denne avslutninga gjekk til side for mål.

Etter 38 minutt vart det jubel i Hødd-leiren. Dei blåkvite fekk frispark like utanfor 16-meteren og Hjelmeseth slo inn framfor mål. Det såg ut til at ballen skifta retning i feltet, men det var ikkje godt å sjå kven som var borti ballen. Den enda uansett i nettet og Hødd var i føringa på bortebane. Hjelmeseth vart først kreditert scoringa, men det var ein del usikkerheit knytt til om nokon var i ballen før den gjekk inn.

Nokre minutt seinare var det Syver Skundberg Skeide sin tur. Han kjempa seg til avslutning frå om lag 10 meter, men Marco Priis-Jørgensen fekk slått til corner.

Midtvegs var det Hødd som hadde overtaket, men så lenge også Ull/Kisa såg ut til å gå mot tre poeng var det berre å halde oppe trykket for dei blåkvite.

Etter pause var det Hødd som først viste tenner. Alfred Scriven var nære etter fine kombinasjonar på venstresida, men fekk berre med seg ein corner.

Deretter var det Brattvåg sin tur og åtte minutt ut i andreomgangen skulle heimelaget utlikne. Eit innlegg frå høgresida nådde Magnus Hammerås som sette 1–1.

Skulle det resultatet stå seg ville initiativet igjen gå til Ull/Kisa, men det ville ikkje Syver Skundberg Skeide ha noko av. Ungguten lada kanonen frå 16 meter og banka ballen i næraste hjørnet. Dermed ny jubel i Hødd-leiren.

Brattvåg gav seg ikkje med det og rulla opp eit nytt farleg angrep få minutt etter Hødd si scoring, men Alme fekk avverja det første forsøket, medan det andre gjekk utanfor.

Alme måtte i igjen i aksjon på ein corner etter 62 minutt. Keeperen måtte ut i full strekk, men fekk akkurat slått vekk det gode forsøket.

Hødd heldt ballen mykje inne på Brattvåg sin halvdel, heia fram av ein solid skare frå heimbygda, men det var liten tvil om at det var mykje nervar i spel både på bana og på tribunen.

Med kvarteret igjen stod det framleis 1–2 på Brattvåg Stadion. Hødd hadde ein viss kontroll, men det var berre det eine målet som skilte laga.

No hadde Brattvåg ballen meir også inne på Hødd sin halvdel, medan dei blåkvite sleit med å etablere skikkeleg spel. Det blei forsøk på klareringar eller ein og to spelarar som gjekk i angrep, men det var lett for Brattvåg å stoppe.

Hødd la seg lågare mot slutten og gav Brattvåg moglegheiter til å slå meir inn i boksen. Mot slutten sette heimelaget også inn Håkon Leine og fekk endå meir luftskyts. Heimelaget var også nære i det ein gjekk inn i overtida, men headinga frå god posisjon gjekk over.

Heilt på tampen fekk Hødd løfta ballen opp til cornerflagget og brukte den tida dei kunne. Det heldt lenge nok til at dommar bles av og Hødd vann den viktige kampen.