- Dette var ein dårleg dag i angrep. Ein veldig dårleg dag. Resten fungerte greit, og 10-19 er jo eit rart resultat. Bergsøy har ein bra keeper, men vi må fokusere meir i angrep, seier trenar Vaso. Hødd mot Bergsøy skulle bli eit jamt og spennande lokaloppgjer, men det vart det aldri. Og ikkje velspelt heller. Bergsøy hadde betre utteljing enn heimelaget, og gjekk opp til 1-5, før Hødd reduserte to gonger til 3-5. Det unge Bergsøy-laget bevegde seg raskt, og Hødd sleit til tider med å følgje i forsvar, men det var i angrep det gjekk rett vest. Fire scoringar i første omgang, på 30 minutt, er som i ein målrik fotballkamp. - Vi kan både å kaste og spring samtidig, men det gjorde vi ikkje i dag, kommenterte Kjersti Wik Flø. - Vi skaut også keeperen deira god, og bomma gjennom heile kampen. Vi hadde meir enn nok sjansar, avslutta ho.

Bedring - heilt mot slutten

Andre omgang starta på same måte som i første omgang. Bergsøy scora litt, Hødd tilnærma ingenting. Elendig angrepsspel og dårleg plasserte og halvhjarta skot, gjorde at Bergsøy drog frå det første kvarteret i andre omgang. Mot slutten kom det seg litt for Hødd, då med yngre folk på banen. Det vart nokre scoringar, men langt frå nok, og resultatet vart til slutt 10-18. - Dette er ikkje den første dårlege angrepskampen, og vi skal trene angrep på trening. Vi får fleire kontringar i mot, og dette må òg jobbast med, avslutta trenar Kujacic.