Elevar frå skulande i Ulstein, Hareid og indre Herøy var tysdag i aksjon under årets Tinestafett i Ulsteinhallen.
Det er idrettselevane ved Ulstein vidaregåande som står for arrangementet, der det var 44 lag som deltok i dei fem klassene.
Etter oppvarming med dans, leia av idrettselevane, var det klart for stafett. Tinestafetten i Ulsteinhallen er ein av meir enn 280 stafettar som blir arrangert landet rundt, der om lag 106.000 elevar deltek.
I Ulsteinhallen var det rundt 200 elevar, pluss reservar, som stilte på startstreken, og dei fekk solid støtte frå stappfulle tribuner i Ulsteinhallen.
Det vart også leverte mange spanande løp under Tinestafetten, der leiinga skifta frå etappe til etappe, og der det til slutt skilte mindre enn to sekund mellom første- og andreplassen i tre av fem løp.
På 6.-trinnet var det Hareid skule lag 1 som var aller kjappast, med tida 4.37,23. Møre barneskule lag 1 fulgte på plassen etter, medan Hasund skule lag 2 tok tredjeplassen.
I den eldste barneskuleklassa var det Ulstein skule lag 1 som trekte lengste strået på tida 4.25,93. Dei var i underkant av fem sekund framom Hasund skule lag 3, som kjempa seg framom to lag frå Ulsteinvik barneskule på dei neste plassane.
I den opne klassa var det to lag frå Ulstein skule som tok dei to første plassane. Ulstein skule lag 2 kom først i mål på tida 4.42,53, medan Ulstein skule lag 1 kom i mål på 4.46,96. Moltu skule kom på 3.-plassen med 4.47,37.
Deretter var det klart for ungdomsskuleelevane, og etter at også dei hadde fått dansa seg varme vart det gitt full gass på tartandekket.
I heatet for 8.-klasse vart det knockout-siger til Ulstein ungdomsskule, med lag 1 på førsteplas, lag 3 på andre, og lag 4 på tredje. Vinnartida var 4.01,09.
Ulstein ungdomsskule vann også heatet for 9.-klassene. Klasse 9a hadde god kontroll på løpet og vann med tida 4.00,51. På plassen bak kom Hareid ungdomsskule lag 1 etter ein imponerande sluttspurt, medan Ulstein ungdomsskule lag 2 tok tredjeplassen.
- Det var som forventa, seier Lukas Renè Birkelid frå 9a med eit lurt smil. Han forklarer at laget også vann sitt heat då dei var 8.-klassingar.
- Vi har eit bra lag, som er flinke til å støtte kvarandre, fortel han blant jublande klassekameratar.
Resultatlister:
6.-trinn:
1 | Ulstein ungdomsskule Lag1 | 04:00.510 |
2 | Hareid ungdomsskule Lag1 | 04:02.370 |
3 | Ulstein ungdomsskule Lag2 | 04:03.660 |
4 | Ulstein ungdomsskule Lag4 | 04:10.360 |
5 | Hareid ungdomsskule Lag2 | 04:20.220 |
6 | Stokksund skule Lag1 | 04:22.560 |
7 | Ulstein ungdomsskule Lag3 | 04:25.690 |
7.-trinn:

Open klasse:

8.-trinn:

9.-trinn: