Erik Sandal har stått over dei to siste Hødd-kampane (Åsane og Strømmen) grunna sjukdom.

- Eg har gått på penicillinkur etter å ha slite med hals og nase. Eg kjende plagene var på veg søndagen vi spelte mot Stabæk (28. april) og var ute med sjukdom frå tysdagen etter. No føler eg meg betre, seier 30-åringen til Vikebladet Vestposten.

- Føler du deg klar nok til å starte morgondagens kamp mot Kongsvinger?

- Ja. Eg spelar om eg blir teken ut på laget, svarer Sandal.

Torset eller Sandal?

Så er spørsmålet om trenarane vel å setje den rutinerte midtbanespelaren rett inn på laget. Eller om Bendik Torset, som spelte godt mot Strømmen, får fornya tillit.

- Det kan eg ikkje røpe no. Erik er nettopp tilbake frå sjukdom, medan Bendik spelte godt sist. Begge er aktuelle til å starte. Vi spelar to kampar nesten kvar veke for tida, så det kan bli nokre rulleringar på laget framover, varslar trenar Lars Arne Nilsen.

Få endringar elles?

Dei fem bakarste plassane på laget blir det neppe skifta på framfor Kongsvinger-kampen. Andreas Lie står i mål, medan Akeem Latifu, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist og Ruben-Kenneth Brandal utgjer backrekka.

Vi trur vidare Sivert Heltne Nilsen og Fredrik Aursnes tek to av midtbaneplassane. Så spørst det om Lars Arne Nilsen og Co. går for ein trear sentralt med éin sitjande midtbanespelar (Nilsen) og to indreløparar. Då kan i tilfelle Bendik Torset vere aktuell. Om Hødd vel å starte med to sitjande midtbanespelarar og éin offensiv får nok Erik Sandal den sistnemnde rolla. Vi skal heller ikkje gløyme Andreas Rekdal, som hovudsakleg har fått speletid i cupen så langt.

Joachim Magnussen, Espen Standal og Pål André Helland har starta alle dei fire seriekampane i angrepet så langt. Her vil vi tru det kjem rulleringar etter kvart, men kanskje ikkje allereie i morgon. Eit alternativ kan vere å bruke Magnussen som midtspiss og anten Vegard Heltne eller Rune Ertsås som venstreving. Men både Magnussen og Standal spelte godt i sine roller sist, og skal dei benkast må det vere for å spare krut til Bodø/Glimt-kampen søndag.

PS. Victor Grodås var med på Hødd sine oppvarmingsøvingar under onsdagens trening, før han etter kvart trena for seg sjølv. - Ei eller to veker, var svaret frå Grodås då vi lurte på når han er kampklar igjen. Grodås vart kneskadd under NM-kampen mot Brattvåg 17. april.

PS 2. Du følgjer som vanleg Hødd - Kongsvinger på vikebladet.no minutt for minutt. Vi kjem med lagoppstillingane rundt klokka 17.30 - det vil seie ein halvtime før kampstart.

Les også:

* Kongsvinger neste

Bendik Torset starta sist seriekamp mot Strømmen. Men får han vidare tillit mot Kongsvinger torsdag?