I kveld klokka 23.00 går påmeldingsfristen til den årvisse Grendacupen på Hareid ut. I dag tidleg hadde 23 herrelag, åtte damelag og seks ungdomslag meldt seg på. Dameklassen blir rekna som fullbooka, medan arrangørane håper på 24 lag i herreklassen. Fire av ungdomslaga er gutelag, medan to er jentelag. Arrangørane håper på fire jentelag, slik dei får spele i si eiga pulje. Dei håper også på seks gutelag.

Ungdomsklassen er for spelarar i ungdomsskulealder, eventuelt med påfyll frå den siste trinnet på barneskulen. I denne klassen er det ingen "utlendingsregel".

Denne regelen gjeld berre i herreklassen. Laga der kan berre ha tre spelarar på laget som ikkje bur i Hareid kommune, ikkje har budd tre år i Hareid kommune, ikkje har spelt kampar for Hareid IL i år eller ikkje har 50 seniorkampar totalt for Hareid IL.

Grendacupen går som vanleg i Hareidhallen 28. og 29. desember. Turneringa såg dagens lys i 1994, og har sidan 2000 blitt arrangert av Hareid IL. Rekorden på 39 lag totalt vart sett i fjor.

Tidenes Grendacup-måljeger er André Sundal Skotheim med 124 nettkjenningar. Tidenes mestvinnande spelar er André Egset Nupen med fem turneringssigrar.

Eva Janne Holstad har scora flest i dameklassen opp gjennom åra, totalt 64 nettsus. I ungdomsklassen skal det bli vanskeleg å ta igjen Christian Mork med 66 mål. Nestemann på den lista er Eirik Heltne med 27 mål.