Sola skein på Høddvoll søndag ettermiddag, og det gjorde at rundt 50–60 tilskodarar var til stades for å støtte Hødd-gutane mot Trønder-laget Nardo.

Første kvarteret var trønderane det beste og farlegaste laget. Dei skapte mest halvsjansar; nokre innlegg og cornerar som dei ikkje klarte å score på. Etter kvart tok Hødd over spelet. Etter 16 minutts spel kunne Markus Gjerde sende Hødd i leiinga etter ein corner, men headinga gjekk rett over mål. Fem minutt seinare skjedde det nesten akkurat same med Nardo, men dei lukkast heller ikkje i å finne nettmaskene.

Frisparkmål

Klokka viste 28 minutt då Hødd gjekk opp i leiinga. Hødd fekk frispark på høgresida. Bendik Rise skrudde sendte ballen over alle heilt til målet. Keeperen kunne kanskje ha tatt ballen, men slike frispark er vanskelege for alle keeperar. Tre minutt seinare kunne Marcus Angelvik utlikne for Nardo. Angelvik dribla to-tre spelarar før han avslutta frå 16-meteren. Sivert Pieroth som stod i mål for Hødd i dagens kamp, redda skotet kjempe fint. 1–0 var stillinga til pausen. Det var ikkje ufortent leiing, men begge laga kunne fort ha skåra fleire mål.

Utvising

Etter kvilen gjekk Hødd ut på banen med høgt press og ville dominere spelet frå første sekundet. Og det gjorde dei, heilt til Magnus Fiskerstrand fekk sitt andre gule kort for dagen på grunn av at han sparka ned eit hjørneflagg. Fem minutt etter utvisinga utlikna Nardo, men scoringa blei seinare annullert.

Utlikning

To minutt seinare kunne Isak Haanes ha dobla leiinga etter eit innlegg frå Bendik Rise frå venstresida. Innlegget var Rise fint, volleyen til Haanes også, men skotet gjekk rett over målet. Etter omtrent ein time utlikna Nardo ved midtstopparen Andreas Solstrand Fossli. Etter utlikninga forsvarte Hødd seg og Nardo kjørte på og brukte fordelen med å vere ein spelar i overtal.

Kristiansen matchvinnar

Dei siste ti minutta var det mange langballar frå begge laga. Tre minutt før slutt blei Eirik Kristiansen helten til publikumet med stupheadinga si som punkterte kampen. Mohamed Abdi Ushey hadde eit kjempefint løp på høgre sida, dribla to-tre spelarar før han la inn frå dødlinja. Kristiansen takket ja og heada ballen like fint som innlegget. Dermed vann Hødd 2–1.

G16-NM er delt opp regionalt i dei tre første rundane. Det har ei stund vore klart at Hødd møter Rosenborg om dei slo Nardo. Kampen går etter alt å døme på Høddvoll førstkomande søndag, opplyser trenar Harald H. Rise.

Kampfakta

Norgesmeisterskapen, runde 2

Hødd–Nardo FK 2–1 (1-0)

Høddvoll kunstgras

Tilskodarar: 55

Mål Hødd: Bendik Rise (28), Eirik Kristiansen (77)

Mål Nardo FK: Andreas Solstrand Fossli (56)

Dommar: Fredrik Løken, Brattvåg IL – OK

Gule kort: Bendik Rise, Magnus Fiskerstrand (Hødd), Peder Berg Dahle (Nardo FK)

Hødd (4-3-3): Sivert Pieroth – Nawid Miri (Daniel Eid, 67), Erik Berge Sæther, Markus Gjerde, Iver Vattøy (Oskar Kristoffersen, 53) – Bendik Rise, Eirik S. Kristiansen (K), Magnus Fiskerstrand – Isak Haanes, Daniel Haanes (Mohamed Andi Ushey, 59), Eirik Saunes

*** Eirik S. Kristiansen

** Erik Berge Sæther

* Mohamed Andy Ushey