Therese Falk (opphavleg frå Hareid) var i helga med i ein tropp på ti utøvarar frå Noreg som sprang eit 24-timarsløp i Torino. Det er første gongen i historia at Noreg stiller kvinnelag, fortel Falk. Dei fleste mennene har delteke i VM tidlegare.

Før løpet fortalde Therese Falk at ho gledd seg stort. Løpet starta laurdag klokka ti om føremiddag og varte til klokka ti sundag føremiddag. Dei 302 løparane sprang rundt og rundt på ei 2 kilometer lang løype i byen. Det var varmt i Torino, heile 26 gradar.

Kvinnene sikra Noreg ein 7. plass i lagkonkurranse for kvinner, der heile 26 nasjonar hadde med tre eller fleire kvinner, melder kondis.no. USA vann foran seks europeiske nasjonar: Sverige, Polen, Storbritannia, Tyskland, Russland og Noreg. Dei kom på 6. plass i EM.

Mennene kom på 7. plass i VM og 5. plass i EM.