1. omgang:

Hødd hadde tydeleg lært av den svært skuffande og slappe innleiinga på sist kamp mot Kristiansund BK. Denne gongen var høddarane konsentrerte og displinerte frå start av, som dei ofte har for vane å vere på bortebane. Rett nok fekk Thomas Juel-Nielsen ei brukbart moglegheit etter seks minutt, men Aslak Falch hadde god kontroll. Hødd låg stort sett lågt i bana og stengte igjen for Sandefjord. Men utover i omgangen, og spesielt det siste kvarteret før pause, vart Hødd stadig meir offensive. Etter 22 minutt la Ole Amund Sveen inn frå høgre. Ballen gjekk via ein Sandefjord-spelar og til Robin Shroot på bakarste stong. Han trefte nettveggen frå kort hald. Vidare noterte vi eit langskot frå Sandefjords Juel-Nielsen i det 31. minutt, men Falch redda utan problem. Sju minutt før kvilen slo Fredrik Aursnes ein nydeleg stikkar til Eirik Ulland Andersen, som kom åleine mot Eirik Holmen Johansen i Sandefjord-buret. Dessverre fekk Andersen aldri avslutta før han vart henta inn igjen av Sandefjord-forsvaret. Hødd hadde elles fleire cornerar og andre dødballar som ikkje vart spesielt farlege. Men 1. omgangen vart alt i alt meir enn godkjent av Hødd. Topplaget Sandefjord skapte så godt som ingenting, medan Hødd med litt hell kunne ha leia. Vi kan seie at dette var ein typisk Hødd-omgang - vel å merke på bortebane.

2. omgang:

Hødd var friske i minutta etter pause. Den første halvsjansen var det rett nok Sandefjord og Lars Iver Strand som skapte, men skotet gjekk til side for mål. I det 49. minuttet fekk Robin Shroot sjansen frå skrått hald. Eirik Holmen Johansen redda. Ein svakare timinuttsperiode av Hødd følgde. Men Hødd heva seg igjen og i det 61. minutt kunne dei fort tatt leiinga. Fredrik Aursnes slo gjennom til Espen Standal, som frå høgresida sette ballen like til side for lengste stong. Hødd køyrde på. Joachim Magnussen kom inn for Espen Standal, og førstnemnde vart tatt av Sandefjord-keeperen like utanfor 16-meteren i det 68. minutt. Eirik Ulland Andersen tok frisparket, som var greitt nok. Men keeper Johansen hadde OK kontroll.

I det 72. minutt tok Hødd endeleg leiinga. Joachim Magnussen vann sjølv ein duell før han tok med seg ballen inn i 16-meteren til Sandefjord. Herøyværingen plasserte ballen i lengste hjørne.

Etter 77 minutt hadde Sandefjord ei stor moglegheit til å utlikne, men Aslak Falch redda med foten. Berre minuttet seinare kom 1-1. Andreas Rekdal bomma då han skulle klarere vekk ballen. Kristoffer Normann Hansen kunne dermed umarkert sette ballen i mål på heil volley.

Etter utlikninga skapte ingen av laga store sjansar. Det såg ut som Sandefjord hadde mest å gi, utan at dei klarte å spele ut Hødd. Begge laga hadde nokre dødballar i overtida som kunne blitt farlegare.

Det enda 1-1. Og i utgangspunktet skal jo Hødd vere nøgde med det. Men dei kunne også ha fått med seg endå meir frå dette oppgjeret.

Kampfakta1.-divisjon runde 14Sandefjord - Hødd 1-1 (0-0)Komplett.no arenaTilskodarar: 2216Mål: 0-1 Magnussen (72), 1-1 Hansen (78)Dommar: Kim Rune BorgersenGule kort: Hansen, Johansen (S-fjord), Wrele, Moltu, Andersen (Hødd)Hødd (4-4-1-1): Aslak Falch - Andreas Rekdal, Jesper Törnqvist (K), Steffen Moltu, Victor Grodås - Ole Amund Sveen, Fredrik Aursnes, Joakim Wrele, Eirik Ulland Andersen (Benjamin Mork Kleppe 90) - Robin Shroot (Bendik Torset 88) - Espen Standal (Joachim Magnussen 65)

LIVE: