For tida ligg ei oversikt over kor mykje huseigarane skal betale ute til ettersyn på Hareid kommune sine nettsider. Snart blir fakturaene sendt ut til rette vedkomande. Dette har ført til ein ny debatt om eigedomsskatt, mellom anna på stortingspolitikar Oskar Grimstad sin facebookprofil.

– Vart harselerte med

Du hugsar kanskje giroane om eigedomsskatt som Hareid Frp sende ut før kommunevalet 2011?

Oskar Grimstad minner om reaksjonane dei fekk den gongen.

– Eg minnest kritikken vi fekk. Nokre såg nok faren og gav oss ei røyst i valet. Andre igjen harselerte og kom med nedlatande kommentarar. Dei fekk andre til å tru at slike giroar ikkje kunne bli reelle. I dag er dei ein realitet, seier Grimstad til Vikebladet Vestposten.

– Skatten blir høgare

Før han vart valt inn på Stortinget i 2009 sat Grimstad fleire periodar i kommunestyret i Hareid. Grimstad er framleis sterkt engasjert i kommunepolitikken – og ser på eigedomsskatten som ei altfor lettvint løysing.

– Det er enklare å sende innbyggjarane rekninga enn å gå inn i detaljane i økonomien i kommunen. No er eigedomsskatten på det lågaste nivået i Hareid, med eit snitt på om lag 3000 kroner. Alt tyder på at eigedomsskatten berre vil auke, kanskje tredoble. Det ser vi i andre kommunar, fortel Grimstad.

– Sel heller aksjane

Han er svært kritisk til styringa av Hareid kommune, og viser at det er den 70. dyraste kommunen i landet med tanke på kommunale avgifter – før eigedomsskatten blir sendt ut. Derfor meiner Grimstad at Hareid kommune er ein av dei som blir drive dårlegast i heile Norge.

– Vi kunne heller selt Tussa-aksjane og tent 100 millionar kroner på dei. Der har Ulstein vore smartare. Dei har selt mange av sine aksjar. Kva er Tussa-aksjane verdt for Hareid den dagen vi slår oss saman med andre kommunar, undrar Oskar Grimstad.