– Vi har eit bra miljø. Her er mange unge svoltne spelarar på vår alder. Den eldste spelaren her er faktisk 25 år (Andreas Ulvestad), fortel 1992-modellane Eirik og Pål når vi møter dei i Tyrkia, der Herd hadde sin pre-season-camp sist veke – samtidig som mellom anna Hareid og Molde 2.

Eirik Heltne var lenge rekna som eit stort fotballtalent og lukta på innpass til aldersbestemte landslag. Han fekk ein del speletid for Hødd a-lag i 2012, men fekk til ein vanskeleg start på 2013-sesongen med lite speletid. Då meinte Eirik det var mest fornuftig å melde overgang til Herd, som kjempa om opprykk til 2.-divisjon – noko dei til slutt klarte med solid margin. Eirik kjende klubben godt, sidan han også var der på utlån ein periode i 2011.

– Det viktigaste er å ha det kjekt med fotball. Om eg spelar i Hødd eller andre plassar seinare står igjen å sjå. Eg ønskjer sjølvsagt å spele så høgt opp i divisjonane som mogleg, seier Eirik.

– Ein fin arena

Som vart lånt ut i fjor haust saman med Robin Hjelmeseth. Medan sistnemnde er tilbake i Hødd valde Eirik å signere ein eittårsavtale med Herd. Det same har Havtor Hofset Skeide gjort. Han kom til Ålesund-klubben sommaren 2012 og spelte seg rett inn på laget. I fjor var høgrebacken også kaptein på laget.

– Herd og 2.-divisjon er ein fin arena. Her er vi ein mykje større del av laget enn i Hødd. Eg fekk jo tilbod om å vere overårig junior i Hødd, og trena ein del med a-laget i forfjor, men eg synest Herd er ei betre moglegheit, forklarer Havtor.

Ingen av dei legg skjul på at det kostar mykje tid og krefter å spele 2.-divisjonsfotball for Herd. Det er ofte fem treningar pluss kamp kvar veke. Og spelarane er reine amatørar. For Eiriks del er det ekstra mykje reising. Han bur i Ulstein, studerer i Volda og trenar i Ålesund.

– Førebels går det bra, seier Eirik.

Vil etablere seg

Og kva når sesongen begynner? Jau, Herd skal ut på ei rekkje bussturar. Frå dette fylket er Herd, Molde 2 og Træff dei einaste innslaga. Elles skal dei til mellom anna Trysil, Elverum og Raufoss, pluss fleire turar til Trondheim. Slike turar er alltid mest motiverande når laget gjer det godt. Men kor god er eigentleg denne Herd-utgåva? Sist dei prøvde seg på nivået, i 2011, vart det nedrykk med brask og bram. Går det betre i år?

– Eg meiner vi har potensial til å etablere oss i divisjonen, seier Havtor.

– Men det viktigaste er å stå, understrekar Havtor.

Fleire forsterkingar

Treningskampresultata har ikkje vore allverda. Men laget har slite med ein del skadar i vinter. Når alle kjem på plass er Havtor og Eirik sikre på at skal kunne slå bra frå seg i år. Herd har fått fleire nye spelarar i vinter, som Kenneth Diallo, Vegard Hellebust, Johan Stormyr, Daniel Stensøe, Adam Honningsvåg, Mathias Rasmussen, Preben Sætre og Marius Ødegaard.

I det dette er skrive har Herd lagt bak seg ei god treningsveke i Tyrkia.

– Forholda er veldig bra her. Vi har hatt éi eller to treningar kvar dag, forklarer Havtor og Eirik – lett solbrende begge to.

Herd avslutta treningsleiren i Tyrkia med å spele 0–0 mot eit lag frå Japan.