Statusen for dei lokale laga er at begge Haddal sine lag og to av Hareid sine lag er heilt ute av den gjeve turneringa. Eitt Hareid-lag er klart for A-sluttspelet. Det er også tre av fem Hødd-lag. Dei to siste Hødd-laga er kvalifisert til B-sluttspelet.

Hareid

* G16 (11-ar) - 2-2 mot Skånevik - Med eitt poeng på tre kampar er laget ute av årets Norway Cup * G14 (11-ar) - Vann 1-0 mot Strømmen - Dette laget har vunne to av tre kampar. Som nummer 2 i gruppa er dei dermed klare for A-sluttspelet. * J16 (sjuar) - Tapte 2-1 mot Vaulen - Ein siger av tre mulige var ikkje nok. Hareidsjentene er ute av Norway Cup.

Haddal

* J16 (sjuar) - Tapte 2-0 mot FK Sykkylven - Det betyr eitt poeng totalt og game over. * G19 (11-ar) - Tapte 3-1 mot Lisleby - 0 poeng på tre forsøk, og Haddal junior kan legge leggskinna i bagen.

Hødd

* G16 (11-ar) - Vann 3-0 mot Stjørdals-Blink - Full pott, tabelltopp og avansement til A-sluttspel. * G16 (sjuar) - 2-2 mot Kviteseid - Fire poeng totalt i gruppespelet. Det betyr B-sluttspel. * G14 (11-ar) - Tap 3-2 mot Lørenskog - Men sidan Hødd vann sine to første kampar er dei likevel klare for A-sluttspelet. * G14 (sjuar) - 2-0-tap mot SUOT IL - Tre poeng totalt sender dette laget til B-sluttspelet. * J14 (11-ar) - Tapte 2-1 mot Kongsvinger - Etter to sigerar gjekk Hødd-jentene på eit knapt tap. Men dei er likevel i A-sluttspelet.